Hopp til innhold

Håpet om ny datanæring lever i Ryfylke

Ryfylkekommunane gir ikkje opp håpet om ei stor datanæring som kan gi mange arbeidsplassar. Målet er fiber-svar innan eit halvt års tid.

Datalagring hos Green Mountain

I fjellet på Rennesøy har datalagringsselskapet Green Mountain eit senter for datalagring. Ordføraren i Suldal håpar på eit liknande senter i sin kommune, og at det skal skapa arbeidsplassar.

Foto: Sebastian Winum Storvik/NRK

– Eit datasenter i kommune vil skapa arbeidsplassar, seier ordførar i Suldal, Gerd Helen Bø (Sp).

Suldals-ordføraren har fått på seg hjelm, vernebriller og arbeidsklede. Ho besøker anleggsområdet til Statnett i Kvilldal. Her har arbeidet med å bygga verdas lengste undersjøiske straumkabel mellom Norge og Storbritannia starta for fullt.

Håpet til ryfylkekommunane var at det kunne bli lagt ein fiberkabel saman med straumkabelen, noko som kunne gitt grunnlag for ei datasenternæring.

Slik blei det ikkje. Bø gir likevel ikkje opp datahåpet.

– Me håpar framleis på fiber frå England og inn hit. Det vil gi moglegheiter for datasenter både i Suldal og andre plassar i regionen.

Ordføraren seier at kraftressursar, moglegheiter for kjøling og trygge omgjevnader er grunnar for å legga datasenter til Suldal og Ryfylke.

Statnett vil bidra

Gerd Helen Bø

Ordførar i Suldal, Gerd Helen Bø (Sp).

Foto: Joachim Steinbru

Det er Statnett saman med det britiske selskapet National Grid som bygger den 730 kilometer lange straumkabelen. Kommunikasjonssjef i Statnett, Christer Gilje, forklarer kvifor dei droppa fiber i prosjektet.

– Me såg det kunne vera ein del tekniske føresetnader som gjorde at det blei krunglete, det var fare for at straumkabelprosjektet blei forseinka og i tillegg var det liten interesse for å investera i prosjektet.

Nå kviler målet om fiberkabel og nye datalagringssenter i Ryfylke på om det er lokal interesse. Statnett seier dei er villige til å ta noko av kostnadane, men i tillegg må andre investorar på plass.

Håpar på svar innan eit halvt år

Christer Gilje

Kommunikasjonssjef i Statnett, Christer Gilje.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Ifølge dagleg leiar i Ryfylke IKS, Torkel Myklebust, er det interesse for ei løysing uavhengig av straumkabelen.

– Det er i alle fall avklart at det er ei interesse for å få lagt fiber. Nå må me jobba vidare med dette og finna ut korleis ein kan gjera dette praktisk, korleis ein kan finansiera prosjektet og kor fiberen kan leggast.

Myklebust håpar å få klare svar i løpet av eit halvt års tid, og at ein då kan ha ei konkret målsetjing om fiberlegging. I mellomtida drøyme suldalsordførar Bø om nye arbeidsplassar.

– Det er klart dette vil gi oss nye arbeidsplassar. Me har låg arbeidsløyse nå i Suldal, men me veit ikkje korleis utviklinga vil vera. I tillegg ønsker me tilflytting til kommunen.

Facebook si etablering i Luleå i Sverige skapte 5.000 arbeidsplassar over ein tiårsperiode. Kor mange arbeidsplassar som kan skapast i Ryfylke er så langt ikkje kjent.