Hopp til innhold

Haaland blir hylla for jærske gloser – «grævla bra»

Erling Braut Haaland briljerer på fotballbanen til massiv skryt. No får 20-åringen òg positiv merksemd for sin jærske nesten-banning.

Folk på Jæren er godt kjende med ordet grævla. Nokon brukar det flittig, medan andre unngår å bruke det.

Æg syns det fungerte grævla godt. Æg traff grævla godt på begge to

Fotballspelaren frå Bryne i Rogaland imponerte stort på banen måndag kveld med daumetreff og to mål. Og etter kampen var det nærast jærsk språkshow føre mikrofonen.

Få an i mål, og dæ au fungerte grævla godt

– Dette er herleg. At han bruker det lokale, jærske ordforrådet på denne måten.

Språkdirektør Åse Wetås har fått med seg 20-åringen sin klokkeklare bruk av dialekt i intervjua etter kampar.

Åse Wetås

Språkdirektør Åse Wetås.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Eg trur dei fleste forstår kva grævla betyr når Håland bruker det på denne måten. Det er ei form for nesten-banning.

Nesten-banning?

– Det er på same måten som ord som helsikken, sallan og fasikken. Og andre meir eller mindre kreative omskrivingar av religiøse tabuord. Vi har slike ord på Sør-Vestlandet, men det er òg andre variantar for nesten-banning andre stader i landet.

Faren: – Naturleg å snakke jærsk

Erling sin far, Alfie Haaland, trur ikkje sonen tenkjer så mykje over bruken av den jærske dialekta.

– Han er frå Jæren, så det er vel ikkje så «løye» at han snakkar sånn som dei gjer der, seier den tidlegare Bryne-, Nottingham Forest-, Leeds-, Manchester City- og Rosseland-spelaren.

Alfie Haaland og Erling Braut Haaland

Alfie Haaland trur ikkje sonen, Erling, tenkjer mykje over den breie dialektbruken sin.

Foto: Friso Gentsch / NTB scanpix

Og på Jæren er det òg hyllest å få for 20-åringen. Her er grævla eit godt innarbeidd ord. Eit ord som mange set pris på.

– Det er eit godt jærsk uttrykk. Folk frå andre delar av landet må berre tole det. På same måte som vi må tole bergensarar og nordlendingar sine uttrykk, seier Trygve Stueland Wist.

Dryla og hydna

Grævla er ein gjengangar når Håland opnar munnen føre journalistar etter kampar. Men kva betyr eigentleg dette ordet?

Opphavleg har ordet samanheng med greveligt som vi kjenner frå grevligur frå færøysk. Dette ordet blir brukt om ting som er grove å høyre på eller sjå på.

Ifølgje språkdirektøren er grævligt og grævla nesten-banning. For mange på Sør-Vestlandet blir orda sett på som eit erstatningsord for jævlig.

Men det snik seg òg inn andre dialektord når Braut Haaland blir intervjua. Som dryla og hydna.

Erling Braut Haaland

Stort blir glis på Erling Braut Haaland på banen før kampstart.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

Å dryla betyr å skyte veldig hardt. Men kva med hydna, språkdirektør?

Hydna er den jærske versjonen av hjørnet. Her viser han fram den jærske dialekta i all si prakt, seier Wetås.

Æg tenkte bare på å få an i hydna – og dæ fekk æg grævla godt te

Fekk du litt ekstra lyst til å dra fram eigne dialektgloser no? Språkdirektøren meiner god dialektbruk kan påverke oss.

– Når vi høyrer denne tradisjonelle dialektbruken rundt oss, kan det hende det er delar av eigen dialekt vi har lyst å løfte fram igjen.

Vi har tidlegare kåra Rogalands beste dialektord. Sjå topp10-lista her:

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg