Hopp til innhold

Gonore kan bli eit alvorleg samfunnsproblem att

Vi trudde vi fekk kontroll på gonorebølgja i Noreg. So dukka nok eit problem opp.

Iren Høyland Löhr

Gonore kan kome til å bli ein folkesjukdom igjen, fortel Iren Høyland Löhr, avdelingsoverlege for medisinsk mikrobiologi ved Stavanger universitetssjukehus.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Gonore kan kome til å bli ein folkesjukdom igjen, fortel Iren Høyland Löhr, avdelingsoverlege for medisinsk mikrobiologi ved Stavanger universitetssjukehus.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Det siste tiåret skjedde det noko på soverom over heile verda, også heime i Noreg:

Talet på tilfelle av den seksuelt overførbare infeksjonen gonore gjekk i taket.

Då koronapandemien kom og vi ikkje lenger fekk ha one night stands, fekk sjukdomen ein knekk.

Men problemet er langt frå borte.

Frå mange stadar i verda, frå Spania, USA og Storbritannia til Japan og Australia, kjem den same beskjeden:

Våre siste medisinar står i fare for å slutte å funke.

Iren Høyland Löhr

På Stavanger universitetssjukehus tek dei inn og analyserer gonoreprøvar. Nokre av desse vert so sendt til FHI for å kartleggje sjukdomen.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Smitten gjekk i taket

Øivind Jul Nilsen er seniorrådgjevar ved seksjon for luft-, blod- og seksuell smitte ved FHI. Ifølgje han var ikkje gonore store problemet på 90-talet.

Då var frykta for HIV størst og folk var forsiktige med ubeskytta sex.

I Noreg hadde ein berre 10–20 årlege tilfelle av gonore hjå menn som har sex med menn – gruppa som er råka av brorparten av tilfella av gonore i dag.

Øivind Jul Nilsen

Øivind Jul Nilsen i FHI seier grunnen til gonorebølgja rett og slett var at fleire hadde sex med fleire partnarar utan kondom, mellom anna grunna mindre frykt for sjukdomar som HIV.

Foto: Folkehelseinstituttet

På 2000-talet fekk ein god behandling for HIV. Det var framleis ein kronisk sjukdom, men noko som ein kunne leve med under behandling.

– Då frykta for ein dødeleg sjukdom vart borte, endra truleg seksuell åtferd seg. Ein hadde fleire partnarar, brukte mindre kondom og det vart større aktivitet i desse miljøa, seier Nilsen.

Då eksploderte talet på gonoretilfelle heilt fram til koronapandemien trefte oss:

Talet på tilfelle i 2021 er enno uvisst. Talet i grafen er eit scenario der like mange vert smitta i november og desember som dei andre månadane hittil i år.

– Når vi får ein situasjon som korona, der utelivet vert lagt brakk, vi har sosial distansering og den seksuelle aktiviteten i heile gruppa går kraftig ned, vil dei som er smitta ikkje kunne smitte vidare, seier Nilsen.

Ein som allereie var smitta med gonore i anten anus eller halsen vil ofte bli kvitt infeksjonen sjølv utan behandling, fordi bakterien trivast dårleg i desse områda.

Slik vart «lageret» av all gonoresmitte i samfunnet sterkt svekka under pandemien, og talet på smitta stupte. Denne effekten håpar FHI skal vare ei stund.

– Vi er realistiske, so vi reknar jo med at smittepresset vil auke gradvis. Men det sprett ikkje opp til over tusen tilfelle i året slik vi hadde det før pandemien, seier Nilsen.

Men trass færre smitta – gonore vert vanskelegare å behandle for kvart år.

Når medisinen sluttar å fungere

Iren Høyland Löhr er avdelingsoverlege for medisinsk mikrobiologi ved Stavanger universitetssjukehus.

Ho leiar også ei forskingsgruppe ved sjukehuset som jobbar med resistensproblemet.

Löhr fortel at bakterien som gjev gonore er ein av dei som har størst potensial til å utvikle seg slik at antibiotika ikkje fungerer – altso antibiotikaresistens.

NRK forklarer

Kva er antibiotikaresistens?

Kva er antibiotikaresistens?

Antibiotikaresistens er at medisinen vår ikkje lenger bit på bakteriane.

Kva er antibiotikaresistens?

Det skjer mellom anna ved overdriven bruk av antibiotika.

Kva er antibiotikaresistens?

Dei bakteriane som naturleg har mutert til å tole antibiotika, døyr ikkje når du tek medisin.

Kva er antibiotikaresistens?

Det gjer dei andre. Då får dei bakteriane som toler medisinen plass til å formeire seg.

Kva er antibiotikaresistens?

Resultatet blir at fleire og fleire bakteriar ikkje lenger kan behandlast med antibiotika.

Kva er antibiotikaresistens?

Då kan nokre sjukdomar som er heilt ufarlege i dag bli livsfarlege i framtida.

Antibiotikaresistens

For mange infeksjonar har vi i Noreg enno ei løysing. I fall ein type antibiotika ikkje bit på, har vi som oftast noko anna å prøve.

– Men på eitt eller anna tidspunkt er det rett og slett ikkje fleire alternativ, seier Löhr.

– Om resistensen får breie om seg, står ein plutseleg utan behandling. Då kan gonore i verste fall bli eit alvorleg samfunnsproblem.

Dyrkningsprøve av gonokokkar.

Dette er prøvar med gonokokkar, bakteriane som gjev gonore. Lappane har antibiotika i seg. Der dei kvite bakteriane veks heilt inntil, har medisinen liten til ingen effekt.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Ei urovekkande utvikling

I dag brukast ceftriaxon som standardbehandling for gonore i Noreg. Det er ein medisin ein set med sprøyte og ein ganske kraftig antibiotika som skal verke mot mange ulike bakteriar.

Enn so lenge i Noreg har vi dei siste åra berre sett eitt tilfelle av gonorebakteriar som var resistente mot ceftriaxon.

– Men vi får stadig vekk rapportar, frå England til dømes, om ei urovekkande utvikling, seier Nilsen.

FHI fryktar at ceftriaxon ikkje vil vere like effektivt om nokre år, og då må ein gå over på nok ein ny antibiotika. Men lista over alternativ er ikkje lang.

– Arsenalet framover er avgrensa, seier Nilsen.

Dyrkningsprøvar på laboratorium.

Korleis ein skal handtere daglegdagse sjukdomar i ei verd utan antibiotika er ein viktig del av helseforskinga internasjonalt.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

WHO har ein plan

Dr. Teodora Elvira Wi arbeider i Verdas helseorganisasjon (WHO) i Genève i Sveits.

Ho leiar arbeidet med å utvikle retningslinjer for seksuelt overførbare infeksjonar og overvake desse sjukdomane på global basis.

WHO har ein global plan for å handtere gonore, men det er ein tøff kamp.

– Eg trur det er eit dystert bilete. For nøkkelen til å kontrollere slike infeksjonar er å ha god behandling. Utan god behandling klarar vi ikkje kontrollere gonore, seier Wi.

Ho arbeider også spesifikt med gonorebakterien sin utvikling av antibiotikaresistens, og meiner dette er den største utfordringa med sjukdomen.

Dyrkningsprøvar på laboratorium.

Ei rekke infeksjonar, frå tuberkulose og lungebetennelse til diare og sopp, kan bli livstrugande om antibiotika skulle slutte å fungere. I rike land vil ein nok ha alternative behandlingar lenger enn i fattigare land.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Fleire lyspunkt

Men der er lyspunkt her. Talet på tilfelle av gonore er like låge no som dei var for om lag ti år sidan, og det vi ta tid for sjukdomen å ta seg opp att.

Også når det kjem til resistens er ikkje alle tog gått. For det krev litt av ein bakterie å halde oppe resistens mot ein type antibiotika.

– I det augneblinken vi sluttar å bruke ein type antibiotika, vil resistenseigenskapane ofte spakne. Då kan det hende at vi om nokre år kan gå attende til å bruke enklare antibiotika igjen, seier Nilsen.

Helsedirektoratet har nyleg stramma endå meir inn på bruk av antibiotika i primærhelsetenesta for å bremse resistensutvikling.

Og forskarar er på sporet av det som kan bli ei vaksine mot gonore. Vaksinen vert no testa, og Wi trur den snart kan vere klar til bruk.

– Truleg innan tre til fem år. Vi er håpefulle og kryssar fingrane, seier ho.

Og fram til då er det ein billig og effektiv måte å beskytte seg mot gonore og andre seksuelt overførbare infeksjonar: kondomet.

– Folk vil ikkje alltid bruke kondom. Det er jo trass alt betre, kan det verke som, å gjere det utan enn med. Men vi kan ikkje gje opp på det heller, seier Nilsen.

Flere nyheter fra Rogaland