Gladmat blir større enn aldri før

Rekordmange utstillarar har meldt seg på.

Gladmat
Foto: Erik Waage/NRK

Gladmatfestivalen i Stavanger blir i år større enn nokon gong tidlegare.

Alt no har 80 utstillarar meldt seg på festivalen som arrangerast 22. - 25 juli.

Men gladmatsjef Heidi Netland Berge seier i ei pressemelding at det framleis er nokre ledige plassar igjen, om då dei rette tar kontakt.

Heile 200.000 menneske er innom Gladmat kvart år, det gjer festivalen til den største matfestivalen i Norge.