NRK Meny
Normal

Fryktar Jørpeland blir «soveby» etter Ryfast

Handelsstanden på Jørpeland fryktar større handelslekkasje og butikkdød etter Ryfast. Nå blir det tatt grep for å hindra at ryfylkebyen blir ein spøkelsesby.

Kolbjørn Pedersen og Dag Soppeland

Dag Soppeland (t.h.) fryktar handelslekkasje og butikkdød på Jørpeland etter Ryfast. Sentrumsleiar Kolbjørn Pedersen (t.v.) fryktar ikkje det same.

Foto: Magnus Stokka

– Det tidlegare Rema 1000-lokale står tomt og nedover gata er det fleire tomme butikklokale. Det viser at Jørpeland fram til nå har vore i ein stagnasjon, seier Dag Soppeland.

Prosjektleiaren for Jørpeland handelsforeining står midt i Jørpeland sentrum og peikar på tomme butikklokale i vårsola.

Ryfylkebyen har lenge slite med handelslekkasje til Stavanger-området. Soppeland fryktar det kan bli langt verre etter Ryfast-opninga i 2019 og halvert reisetid til storbyen.

– Me tenker med frykt på handelslekkasje. Me fryktar fleire gjer innkjøpa sine i Stavanger.

– Kva er så gale med det?

– Me får ein større butikkdød. Jørpeland blir meir ein soveby og det ønsker me ikkje.

Jobbar for å vareta sentrum

Irene Heng Lauvsnes

Ordførar i Strand, Irene Heng Lauvsnes (H).

Foto: Magnus Stokka

Ordførar i Strand, Irene Heng Lauvsnes (H), forstår handelsstanden som fryktar større handelslekkasje når det berre blir ein halvtimes køyretur frå Jørpeland sentrum til Stavanger sentrum.

– Eg forstår at dette kan bli ei utfordring, men den skal me ta. Me har mange ressursar her på Jørpeland og i Strand, og jobbar aktivt med ein byregionsutviklingsplan. Her jobbar me for å vareta handel og livet i sentrum.

– Kva er det viktigaste i dette planarbeidet?

– Det viktigaste for kommunen er å legga til rette for dei som er interessert i å engasjera seg her, slik at det blir enkelt å etablere verksemd og handel i Jørpeland sentrum, seier ordføraren.

Fryktar ikkje sovebyen

Nå handlar det om å få både lokalbefolkninga og dei mange preikestolturistane til å velja Jørpeland sentrum, meiner prosjektleiar Soppeland i handelsforeininga.

Sidan august i fjor er talet på medlemmer i handelsforeininga dobla. Det er også oppretta ei 50 prosent stilling som sentrumsleiar for ryfylkebyen. Denne veka tok Kolbjørn Pedersen til i denne jobben. Men han fryktar ikkje at Jørpeland blir ein soveby etter Ryfast.

– Eg hadde ikkje påtatt meg denne jobben dersom eg hadde frykta det. Me har eit potensial med turistane me skal få ned til sentrum. I tillegg skal me prøva å skapa litt meir liv og røra med aktivitetar. Og ikkje minst ta vare på jørpelandsbuen, slik at dei opplever sentrumsområdet som ein god plass, seier Pedersen.

Jørpeland sentrum

Jørpeland sentrum ein vårdag i april. Nå blir det mobilisert for å hindra handelslekkasje til Stavanger.

Foto: Magnus Stokka

Eksempelet Odda

Jørpeland med sine 7.000 innbyggarar kan på mange måtar samanliknast med Odda. Både når det gjeld storleik, industrihistoria – og ikkje minst det å ha ein turistmagnet i nærleiken.

Prosjektleiar Soppeland viser til den aukande turiststraumen til Trolltunga, som har ført til handelsboom i Odda, og gjort at sentrum der har blømt opp igjen.

– Det håpar me å oppnå også her på Jørpeland. For etter klokka seks-sju på kvelden er det rimeleg daudt i sentrumsgatene.