Hopp til innhold

– Lokalkunnskap avgjerande i Agnes-saka

Ordføraren i Forsand kommune meiner at god lokalkunnskap var avgjerande for at politiet greidde å oppklare Agnes-drapet på så kort tid. No fryktar han at det blir mindre nærpoliti med den nye politireforma.

Politibåten i Dørvika, Forsand

Etter to veker med leiting etter den sakna tobarnsmora, fann politiet liket i Lysefjorden i Forsand.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

Ved påsketider i fjor vart tobarnsmora Agnes Elisabeth Muller meld sakna i Forsand. Ein stor leiteaksjon vart sett i gong, og etter to veker vart ho funnen død på 70 meters djupne i Lysefjorden. Ektemannen hennar vart arrestert og seinare dømd for drapet.

– Det at dei klarte å finne liket, skuldast god etterforsking. Dei hadde lokalkunnskap om kor det er mogleg å køyre, og kor det er mogleg å kome ut i båt. Dei kjende geografien og dei kjende folka, seier ordførar i Forsand, Ole Tom Guse (KrF).

Ole Tom Guse

Ordførar i Forsand, Ole Tom Guse, fryktar det blir mindre lokalpoliti.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK

Men når regjeringa no ynskjer å kutte i talet på både politidistrikt og tenestekontor, er han redd for at det er nettopp denne typen lokalkunnskap som går tapt.

– Me er redde for at det skal bli mindre nærpoliti, og at innbyggjarane skal føle mindre tryggleik. For i tryggleik ligg det også ei kjensle av at du kjenner politiet, seier Guse.

Færre tenestekontor

Politireforma føreslår å slå saman Rogaland politidistrikt og Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. I tillegg vil Sirdal også bli ein del av politidistriktet.

Kvar tenestekontora skal liggje er ikkje avgjort. Men i forslaget står det at 90 % av befolkninga ikkje må bu lengre vekke enn 45 minutt frå eit tenestekontor.

Det betyr at om lag 50 000 kan bli buande lengre vekke enn som så, og det finst ikkje ei øvre grense på kor mange minutt det då er snakk om.

Senterpartiet er blant dei som har vore kritiske til den nye reforma, fordi dei meiner avstandane vil bli for store.

Geir Pollestad

Geir Pollestad er stortingsrepresentant for Senterpartiet, og meiner avstandane vil bli for store med den nye reforma.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Eg fryktar at me kan få eit politi som er mindre lokalkjent, og som har mindre legitimitet i det miljøet dei operera i, seier stortingsrepresentant Geir Pollestad.

– Nærpoliti handlar ikkje om kontor

Det er regjeringspartia, Frp og Høgre, saman med støttepartiet Venstre som har gått inn for den nye reforma. Venstres Iselin Nybø trur ikkje nærpolitiet vil forsvinne.

– Nærpoliti handlar ikkje først og fremst om eit kontor, det kan oppnås på fleire måtar. Me er opptekne av at alle kommunar skal ha ein fast politikontakt, det skal ikkje vera for lange avstandar, og det må vera eit godt samarbeid kommunane, seier Nybø.

Anders Anundsen og Iselin Nybø

Iselin Nybø frå Venstre har vore med i forhandlingane om den nye politireforma.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

No skal reforma behandlast av Stortinget, og der har dei tre partia berre fleirtal med ei stemme. Nybø seier dei vil gå i dialog med dei andre partia for å sikre eit større fleirtal.

– Me ynskjer å gå inn i denne prosessen med eit ope sinn, for me ynskjer oss eit breitt fleirtal. Dette er ein stor reform for politiet, og det er ein reform som skal stå seg over tid, seier Nybø.

Geir Pollestad seier ja takk til invitasjonen til dialog, men om dei vil stemme ja er ei anna sak.

– Då skal det ganske dramatiske endringar til. Me må sørge for at me har eit politi som er til stades i heile landet, og ikkje berre eit skinn av eit politi som denne reforma legg opp til, seier Pollestad.