Hopp til innhold

Kommunar kuttar i talet på lærlingar: – Reduksjonen er alvorleg

I ei tid der Noreg slit med å tak i nok fagarbeidarar er dette kritisk, meiner fagfolk.

Lærlinger Fredrikstad

LÆRLING: Caroline Bjercke er lærling ved Gressvik sjukeheimar. Læretida har gitt henne overraskande innsikt.

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

– Det er utruleg fint å ha ein lærlingplass å gå til, seier Caroline Bjercke.

Ho er ferdig som lærling i april. Då har ho vore lærling som helsefagarbeidar ved Gressvik sjukeheimar i Fredrikstad i nesten to år.

Ho opplever at kvardagen kan vere hektisk, men synest jobben er meiningsfull.

Det eg kanskje har blitt mest overraska over frå læretida, er kor givande det kan vere å jobbe for å hjelpe andre menneske.

Det er eit stort behov for fagarbeidarar som Caroline. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det vil mangle 90.000 fagarbeidarar innan 2035.

Men kommunen Caroline jobbar i, vurderer å kutte i talet på lærlingar.

Må spare pengar

Fredrikstad bystyre har vedtatt å ha 170 lærlingar til kvar tid. For å nå det talet, treng dei 92 nye i år. Men no kan det bli berre 30 nye.

Lærlinger Fredrikstad

Erik Eriksen, HR-sjef i Fredrikstad kommune, seier dei jobbar med løysingar for at reduksjonen av lærlingar skal bli minst mogleg.

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

HR-sjef i Fredrikstad kommune Erik Eriksen seier at kommunen har ein anstrengd økonomi og alle verksemder må gå gjennom pengebruken sin.

– Det talet på kutt av lærlingar er ikkje det vi kjem til å ende opp med. Vi må gå gjennom heile kommunen og sjå etter løysingar, så vi slepp å redusere så mykje som vi først trudde, seier Eriksen.

Mange kommunar slit

Håkon Sætræng jobbar med å kople lærlingar og bedrifter, og seier at behovet for å få fleire lærebedrifter er større ein nokon gong. Han er bekymra over situasjonen i Fredrikstad.

Lærlinger Fredrikstad

Håkon Sætrang er leiar for opplæringskontoret OKViken.

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

Reduksjonen er alvorleg, berre helsesektoren kjem til å trenge titusentals fleire fagarbeidarar på kort sikt. Då er ikkje vegen å gå å redusere i inntak av lærlingar.

Fredrikstad er ikkje den einaste kommunen som kuttar i talet på lærlingar.

Sætræng erfarer at det har vore ein reduksjon om talet på lærlingar både i privat og offentleg sektor over tid.

Vi ser frå dei to siste åra at kommunar slit med å ta inn det talet lærlingar ein i utgangspunktet hadde tenkt å ta. Det er ei utviklinga som bekymrar oss veldig.

Les også Torbjørn får tilrettelagt opplæring i bedrift: – Morsomste jeg vet

Thorbjørn vasker ulike hjelpemidler. Det er en del av jobben hans på Fasvo.

Store forskjellar i Noreg

Det er store forskjellar på kor mange lærlingar som blir tekne inn i ulike fylke og store forskjellar mellom kommunar i same fylke.

Det seier Marit Roxrud Leinhardt, avdelingsdirektør i arbeidsliv i KS, som er interesseorganisasjonen til kommunesektoren.

Marit Roxrud Leinhardt er avdelingsdirektør for arbeidsliv og arbeidsgiverpolitikk i KS.

Avdelingsdirektør i Arbeidsliv i KS seier det er store forskjellar på kor mange lærlingar som blir tatte inn i ulike fylke.

Foto: KS

Det kan vere store forskjellar på korleis kommunane vurderer dei økonomiske forholda i lærlingordninga si, forklarer ho.

For nokre kommunar er det å ta inn lærlingar knytt til ein kostnad. Andre kommunar ser også verdiskapinga lærlingane bidrar med, og ei moglegheit for lettare å rekruttere dei når dei er ferdige som fagarbeidarar.

KS planlegg eit forskingsprosjekt som skal gi svar på kva som er den økonomiske verdiskapinga i lærlingordninga i kommunane.

Forskingsprosjektet skal etter planen lanserast i august/september 2024.

Les også Omar Andreas (22) endret navn for å få lærlingplass: – Ligger i bakhodet hele tiden

Omar Andreas Jenssen, elev ved Glemmen videregående skole

Håpar ho kan bli lærling

Ved Glemmen vidaregåande skole i Fredrikstad er det mange framtidige fagarbeidarar. Éin av dei er elev Andora Børresen. Ho drøymer om å kunne jobbe som barnehagelærar.

Lærlinger Fredrikstad

Andora Børresen er elev ved Glemmen vidaregåande skole. Ho håpar ho får lærlingplass.

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

Ho synest det er trist dersom det må kuttast i inntaket av lærlingar. Håpet hennar er å få seg ein lærlingplass snart.

Eg veit ikkje kva eg skulle gjort, for då stoppar det planane mine. Alternativet hadde vore å ta påbygg, men det er ikkje noko eg har lyst til, seier Børresen.