Fryktar å måtte legge ned familiebedrifta: – Me må sjå om me overlev

Feriesenteret Åmøy Fjordferie utanfor Stavanger har spesialisert seg på utanlandske turistar. I år må dei ta til takke med nordmenn. Det kan bli ei utfordring.

Åmøy Fjordferie

Jan-Thor og Lillian Holgersen fryktar kroken på døra for Åmøy Fjordferie etter dei nye reiseråda.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Me får sjå om me overlev. Me må snu alle steinar.

Det seier Lillian Holgersen. Saman med mannen Jan-Thor Holgersen driv dei Åmøy Fjordferie utanfor Stavanger.

Den vesle familiebedrifta har livnært seg på blant anna tyske turistar.

Det har vore god butikk. Til no.

For no er utfordringa å få nordmenn til å legge att feriepengane i eiget land.

Håpar nordmenn legg ferien utanom hytta

– Nordmenn er veldig glade i å feriere i eige land, men då som oftast på hytta. Så sparar me pengane til når me skal bu på hotell, ete på restaurant og gå på museum i utlandet, seier næringsminister Iselin Nybø.

Ho oppmodar nordmenn til å legge noregsferien utanom hytta denne sumaren.

– Det er mange fine stader å sjå her i Noreg. Eg trur dette kan bli ferien kor folk kan få ei ny oppleving i eiget land.

Åmøy Fjordferie

Laurdag var næringsminister Iselin Nybø på besøk på Åmøy Fjordferie utanfor Stavanger. Nybø oppmodar nordmenn til å legge att feriepengar i eige land.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Ønsker å opne opp

Medan tiltaka lettar gradvis innanlands i Noreg og andre europeiske land, er ein framleis råda til å ikkje reise til utlandet.

– Me ønsker jo å kunne opne opp igjen. Me ser at fleire europeiske land opnar opp for nabolanda sine. Det er det me har lyst til å vurdere fram til 15. juni om me også kan opne opp for Norden og reise fritt mellom desse landa, seier næringsminister, Iselin Nybø.

Spørsmålet er om opninga av Noreg kjem for seint for fleire bedrifter i reiselivet.

Framleis mykje usikkert

Regjeringa vil innan 20. juli vurdere om det skal vere lov å reise til og frå Noreg til nære land i Europa utanom Norden.

Det gjer at mange utanlandske turistar som allereie har bestilt ferie i Noreg, ventar med å avbestille ferien.

Åmøy Fjordreise

Åmøy Fjordferie har vore god butikk for utanlandske turistar.

Foto: Hanne Høyland / NRK

– Me kan ikkje selje dei vekene som allereie er booka. Me har ikkje fått avbestillingar endå, seier Jan-Thor.

Dei trur det kjem nokre avbestillingar til veka, men fryktar at dei som har bestilt ferie etter 20. juli framleis blir sittande på vent.

– Det er veldig mykje usikkert. Både for oss og for gjestane.

Må legge om drifta

Restriksjonar frå myndigheiter og omsyn til smittevern har gjort til at familiebedrifta på Åmøy har måtte legge om drifta.

Frå å hovudsakeleg leige ut rom, må dei no leige ut heile hus.

Det går utover inntekta.

– Ein familie på 2 til 3 personar, som berre hadde trengt eit familierom, må no ha eit heilt hus, seier Jan-Thor.

Dei er innforstått med at dei kjem til å tape pengar på dette, men prøvar framleis å halde både drifta og motet oppe.

– Det er det valet me har.

Status Norge

Sist oppdatert: 29.05.2020
8411
Smittet
30
Innlagt
237
Døde