Hopp til innhold

– ​​​​​​​Det handlar ikkje om å drikka meir, men betre

STAVANGER (NRK): Frp vil fjerna prosentgrensa for øl i butikk, og meiner det kan sikra fleire arbeidsplassar i distrikta. Men helseministeren synest det er ein dårleg idé.

Øl frå Jåttå Gårdsbryggeri

LIKAR DET STERKT: Jåttå Gårdsbryggeri produserer øl som er både over og under 4,7 prosent. Men dei likar best smaken på det sterke.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Me hadde nok hatt ein veldig vekst, dersom me kunne ha selt øl med over 4,7 prosent i daglegvarebutikkane, seier Marius Marthinsen.

Han er ølbryggar på Jåttå Gårdsbryggeri i Stavanger, eitt av dei mange mikrobryggeria som har dukka opp i Noreg dei siste åra.

I dag må du på Vinmonopolet for å få tak i øl over 4,7 prosent. Øl med lågare prosent kan bli selt i daglegvarebutikkar. Jåttå og fleire andre mikrobryggeri bryggar øl i begge kategoriar, og fleire løyser sterkøl-knipa med å eksportere til utlandet.

Slik burde det ikkje ha vore, meiner ølbryggaren.

– Det er veldig stor interesse for å kjøpa øl med høgare prosent, seier Martinsen.

Må vatna ut ølet

I fjor selde dei om lag 30.000 liter øl, men dei har større ambisjonar. Draumen er å kunna selja øl med høgare prosent i butikken.

– Det blir nesten slik at du må vatna ut noko som er veldig godt, og så gjera det litt tynnare og litt enklare for å få lov å selja det i butikk.

Dersom gardsbryggeriet skal få det som dei vil, må reglane endrast. Og Frp ønsker å få det til.

Åshild Bruun-Gundersen på besøk hos Marius Marthinsen i Jåttå Gårdsbryggeri.

Åshild Bruun-Gundersen besøker Jåttå Gårdsbryggeri i Stavanger. Ølbryggar Marius Marthinsen ønsker å selja sterkøl i butikk.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Øl er øl, uansett prosent

– Det handlar ikkje om å la folk drikka meir, men om å la folk drikka betre, seier helsepolitisk talsperson i Frp, Åshild Bruun-Gundersen.

I kjellaren på gardsbryggeriet står ho mellom store tankar, fulle av øl som er under produksjon. Mesteparten av ølet her vil ikkje ha meir enn 4,7 prosent når det er ferdig, sjølv om eigarane helst skulle ha sett det annleis.

– Eg synest ikkje det bør vera ei grense. Øl er øl uansett kor mange prosent det er, så det burde vera mogleg å selja det i butikk, seier Bruun-Gundersen.

Øltankar hos Jåttå Gårdsbryggeri

I fleire av tankane hos Jåttå Gårdsbryggeri blir det laga øl som er 4,7 prosent. Men dei skulle ønska dei kunne brygga sterkare.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Ved å tillata sal av lokalprodusert øl på butikken, vil forhåpentlegvis fleire få nyta kvalitetsøl som er produsert av lokal arbeidskraft og med lokale produkt. Og det betyr mykje for distriktsarbeidsplassar og den lokale kulturen.

Helseministeren vil ikkje ha endring

– Det er både dårleg alkoholpolitikk og dårleg næringspolitikk, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Han har ikkje trua på at sal av sterkøl i butikkane kan gi vekst for små bryggeri.

– Tvert imot. Det er ein dårleg idé for dei små bryggeria at dei skal måtta slåst seg inn på dei store butikkjedene, når dei faktisk kan ha tilgang i heile Noreg gjennom Vinmonopolet.

Bent Høie

Helseminister Bent Høie vil ikkje opna for å selja sterkøl i butikk.

Foto: Tuva Skei Tønset / NRK

Jåttå Gårdsbryggeri sel sterkøl til Vinmonopolet i dag, men meiner likevel at dagens løysing ikkje er god nok.

– Det er ikkje så frykteleg mange pol her samanlikna med talet på butikkar. Dersom me kunne ha selt øl opp til seks prosent i butikkane og i eige utsal, kunne me ha auka salet vårt, seier Marthinsen.