Hopp til innhold

Mobbesaka: – Me får ta det ansvaret me har

Politiet er snart ferdige med å etterforska den omfattande mobbesaka i Bjerkreim kommune.

Marthon Skårland

UNDER ETTERFORSKING I MOBBESAK: Tidlegare ordførar og nåverande varaordførar, Marthon Skårland (H), var ein av sju personar som var nemnde med namn i meldinga til politiet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Dette har vore ei omfattande sak å etterforska. Me har hatt inne om lag 25 personar i avhøyr, og nå håper me at saka skal vera ferdig etterforska til før jul, skriv politijurist Tor Arvid Bruskeland, ved Sør-Vest politidistrikt i ein e-post til NRK.

Han snakkar om det som har blitt kjent som «mobbesaka i Bjerkreim».

Fire barn opplevde å bli mobba over lang tid. FAU varsla om mobbinga, men ifølgje Rogaland revisjon og Fylkesmannen i Rogaland følgde kommunen problemet opp på ein kritikkverdig måte.

For meir enn eit år sidan, på eit tidspunkt då barna hadde bytta skule og to av familiane hadde flytta frå bygda på grunn av mobbeproblemet, melde dei fornærma familiane kommunen til politiet.

– Skal ikkje feiast under eit teppe

Etter dette har sentrale personar i kommunen vore under etterforsking av politiet mistenkt for brot på opplæringslova kapittel 9a. Ei lov som mellom gir alle elevar rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø. Brot på lova kan straffast med bøter eller fengsel i opp til tre månader.

Sju sentrale personar i kommunen er nemnde med namn i politimeldinga. Ein av desse er Marthon Skårland, som nå er varaordførar, men som var ordførar då saka blei meldt.

– Dette er ikkje noko me skal feia under eit teppe. Når saka nå kjem er eg interessert i å høyra kva den seier, så får me ta det ansvaret som me har, seier Skårland.

Magne Vaule

Magne Vaule (Ap) er leiar for kontrollutvalet i Bjerkreim kommune. Han er kritisk til måten kommunen har handsama saka på. Når politiet er ferdige med arbeidet sitt, og når kommunen har teke stilling til erstatningssaka, så har kontrollutvalet bede Rogaland revisjon om å ta ei ny gjennomgang av saka.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Må venta på svar om erstatning

Familiane har også retta eit erstatningskrav mot kommunen. Dette opplyser Marthon Skårland at dei vil ta stilling til etter politiet har sagt sitt.

Er ikkje dette berre å hala saka ut i tid frå kommunen si side?

– Politiet burde ha brukt mykje mindre tid på etterforskinga, så at Bjerkreim halar dette ut i tid vil eg ikkje vera med på. For oss er det relevant å sjå kva politiet konkluderer med før me tek stilling til erstatningskravet, seier han.

Leiar for kontrollutvalet i Bjerkreim, Magne Vaule, meiner det vil vera viktig for alle partar å bli ferdige med saka.

– Det viktige er at kommunen lærer av dette, og at arbeidet med mobbing kjem inn på eit spor som ikkje kan kritiserast. Og at familiane får eit utfall som dei kan vera nøgde med.

Flere nyheter fra Rogaland