Hopp til innhold

Ordføraren vart overraska av politimelding

Ordføraren i Bjerkreim, Marthon Skårland (H) vil ikkje kommentera at han er blitt politimeld av tre foreldrepar i kommunen. Årsaka er at kommunen endå ikkje har mottatt politimeldinga.

Marthon Skårland

SKJØNAR LITE AV POLITIMELDINGA: Ordførar i Bjerkreim, Marthon Skårland (H)

Foto: Øystein Ellingsen

Seks føresette har gått saman om å melda sju leiarar i Bjerkreim kommune til politiet, etter at seks av barna deira over lengre tid blei utsett for mobbing.

Dette er mobbesaker som tidlegare har vore omtalt i media , og som Bjerkreim kommune har fått kritikk for både hos Fylkesmannen og Rogaland revisjon.

Trudde sakene var ute av verda

Skårland er overraska over at dette skjer no.

– Eg trudde me var ferdige med dei sakene, så det kom litt brått på meg at det er kome opp att. Også det at eg er meldt til politiet kom brått på meg, eg var i alle fall ikkje førebudd på det, seier Skårland.

– Så du meinte saka var avgjort?

– Ja.

Har ikkje fått politimeldinga

I tillegg til ordførar Marthon Skårland er skulesjefen, levekårssjefen, ein tidlegare rådmann, to rektorar og barnevernsleiaren også melde til politiet. Dei meiner at kommunen mellom anna er skuldige i brot på kravet i opplæringslova om at skulen skal jobba aktivt og systematisk for at alle skal få eit godt fysisk og psykososialt miljø, som fremjar helse, trivsel og læring.

Skårland fekk først vita om saka då NRK ringde han i dag tidleg. Etter å ha hatt dagen på å finna ut av kva som skjer, er han ikkje veldig mykje klokare.

– Problemet er at me ikkje har fått politimeldinga på bordet i Bjerkreim kommune. Så korleis media har funne ut av dette, det veit eg ikkje. Eg kunne godt tenkt meg å lesa kva som står der.

– To av foreldrepara har jo flytta ungane ut av skulen i Bjerkreim etter deira ønske, og den andre saka er litt eldre. Eg trudde dette var ferdig.