Hopp til innhold

Fordrageleg festival-helg

Trass i yrande folkeliv har ikkje politiet hatt ei travel helg i Stavanger.

Politi på gladmat

Politiet passar på Gladmat-publikum.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Sju personar blei viste vekk frå sentrum natt til sundag, ein blei arrestert for urinering og ein mann blei slegen ned. Dette er likevel ikkje mykje, meiner operasjonsleiar Kurt Løklingholm ved Rogaland politidistrikt.

– Helga har vore roleg, og mi erfaring er at Gladmaten-helgene vanlegvis er dèt, seier

Mindre hendingar

– Det har ikkje vore nokon store eller alvorlege hendingar i løpet av helga. Som sagt så er erfaringa vår at Gladmat-helga er rolegare enn andre helger.

Løklingholm trur dette har med dei besøkande å gjera.

– Eg trur det er fordi det er vaksne folk, og kan hende eit litt anna klientell som er ute på byen enn vanleg.