Hopp til innhold

Tett kum stengte E39: - Skal ikkje skje

Grunnen til at Rennfast-tunnelane stengde og E39 var kaos i fleire timar torsdag var eit par tette kummar – tilfeldig og uheldig seier vegvesenet.

Tor Skorland

Tor Skorland i vegvesenet inspiserer kummane som gjekk tette i regnvêret.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Regnvatnet har runne ned bakkane her, og kummen nedfor var tilfeldigvis og uheldigvis tett fordi det låg noko plast oppå, så vatnet rann forbi og vidare ned i tunnelen, forklarer byggjeleiar Tor Skorland i vegvesenet.

Skulle ikkje ha skjedd

Eit par tette kummar gjorde at vatnet fossa ned i Byfjordtunnelen på E39 etter kraftig regn i løpet av torsdagen.

Det enda med trafikkaos, og hovudvegen mellom Bergen og Stavanger måtte stenga i fleire timar.

– Dette er noko som skjer men som ikkje skulle ha skjedd. Sjølvsagt skulle kummen ha vore open til ei kvar tid, men med mykje trafikk som går, mykje søppel frå bilar og plastikk som flyr så kan det tilfeldigvis skje at noko legg seg rundt ein kumme, seier Skorland.

Vegen regna vekk

Kø og stengde tunnelar var ikkje den einaste konsekvensen av det kraftige regnet i fylket.

flom

Børge Harestad, Vera Asmarvik og barnebarnet Kaspar Asmarvik langs vegen som blei råka av regnet.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Vera Asmarvik i Rennesøy fekk både huset og privatvegen ned til huset sitt øydelagd av naturkreftene. Kjellaren fløymde og vegen blei så godt som vaska vekk.

– Sidan det var foss på begge sider av vegen så kunne me risikera at murane ville sprekka, så dei råda meg til å ikkje ligga her i natt rett og slett, fortel ho.

Børge Harestad i Rennesøy kommune fortel at tørt land blei til ei elv i løpet av få timar.

Som på film

– Dette er alvorleg. Me har vel sett på film frå andre stader at det kan skje, men me har vel ikkje trudd at det skulle skje her på Rennesøy, seier Harestad. han forsikrar at kommunen vil ta hand om vegen til Vera Asmarvik.

flom

Vegen til Vera Asmarvik er rasert.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Me skal gjera vårt beste for å få det til å fungera slik det ein gong var.

– Eg har aldri opplevd noko slikt før. Det har vore mykje vatn her før, men ikkje slik som dette.

Flere nyheter fra Rogaland