NRK Meny

Fleire syriske forfattarar søkjer seg til fribyane

Han har vore opposisjonell i Syria i 30 år. No har Mohammad Habeeb fått permanent opphald som fribyforfattar i Stavanger.

 Mohammad Habeeb

Mohammad Habeeb har flykta frå Syria til fribyen Stavanger, saman med mellom anna sonen Khaled.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Artikkelen er mer enn ett år gammel.

– Me har kome frå eit brennande land til ein fredeleg plett på jord, frå mørket til lyset, seier Mohammad Habeeb.

Habeeb er omsettar, redaktør og aktiv menneskrettighetsforkjemper frå Syria, og har nå fått permanent opphald i Norge, som fribyforfattar i Stavanger:

Med seg til Norge har han kone, ei dotter på 11 og ein son på 24 år.

– Sjela lir når ein må reise frå sitt land og sine venner, seier Habeeb, som var med og starta ein menneskerettsorganisasjon i Syria.

– Han sat fengselet i ni år, og for fribynettverket ICORN var han ein god kandidat for å få opphald, seier koordinator Elisabeth Dyvik.

– Han har vore opposisjonell og kritisert regimet i snart 30 år. Og då krigen kom så hadde han ikkje nokon stad å gjere av seg. Så det var ikkje noko vanskeleg val, seier Dyvik.

Mange søknadar frå Syria

Flyktningekrisa har eskalert og dominerer nå nyheitsbilete, men ICORN har merka trykket lenge.

Av dei rundt 200 søknadene dei tre sist årene, har om lag 20 prosent kome frå Syria.

Elisabeth Dyvik

Elisabeth Dyvik er koordinator for fribynettverket ICORN.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

– Det er ei veldig stor gruppe, og det er veldig alvorleg for dei som er igjen inne i Syria. Det er personar som det hastar med å få hjelpt dei, seier Dyvik.

ICORN har 52 fribyer verda over, 14 i Norge. Desse byane har eit særleg ansvar, meiner Dyvik.

Ynskjer eit fredeleg liv

Den ferske fribyforfattaren i Stavanger vil ikkje sjølv meine noko om kor mange flyktningar kvart land bør ta i mot, men er glad for å vera i tryggleik.

– Vi søker ikkje rikdom eller pengar, men ønsker oss berre eit vanleg, fredeleg liv, der vi kan gjere nytte for oss, seier Mohammad Habeeb.

Sonen Khaled har blanda kjensler etter å ha reist frå heimlandet.

– Eg vil dra tilbake til Syria ein gang, men nå er eg glad for å vere her. Det er ikkje noko liv for meg der, seier Khaled Habeeb.