Hopp til innhold

Fleire ønsker å reparere tinga sine – skomakaren har fleire vekers ventetid

Er «slit og fiks» det nye «bruk og kast»?

Kjetil Bertelsen skomakeren i Stavanger har lange ventelister

Skomakar Kjetil Bertelsen i Stavanger meiner alle ønsker å reparere tinga sine nå.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Eg ser ikkje poenget med å kjøpe nytt når det ein har, er fullt brukbart. Det varer jo lenge om du får fiksa det, seier Dagrunn Løvik.

Dagrunn Løvik

Dagrunn Løvik trur fleire er opptatte av at ting skal leve lengst mogleg.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Skomakarar, syersker, smier. Reparatørane i norske byar er ikkje mange, men dei finst.

Hos den eine av dei to skomakarane i Stavanger har køen blitt lang den siste tida.

– Nå har vi jobba kvar helg sidan juni i fjor. Vi har eigentleg stengt måndagar for at vi skal få helg, men nå har det blitt jobbedag i staden for, seier skomakar Kjetil Bertelsen.

– Eg trur fleire og fleire er opptatte av gjenbruk og at ting skal leve lengst mogleg, seier Løvik.

Nye reglar om reparasjon

Nye EU-reglar kan presse fram meir fiksing når det blir stilt krav til produsentar og seljarar om at varer må kunne reparerast.

– Noreg ligg på topp i bruk og kast i heile Europa, og det er ikkje bra, seier regiondirektør i NHO Rogaland, Tone Grindland.

Ein rapport frå Circular Econonomy viste i 2020 at 97,6 prosent av forbruket vårt er basert på bruk og kast (ekstern lenke).

Tone Grindland, regiondirektør i NHO Rogaland

Regiondirektør i NHO, Tone Grindland.

Foto: Borghild Kvæven / NRK

– EU held på med politikk om retten til å få ting reparert. Det kjem til å utfordre måten vi i dag handlar varer på og gjere at vi kan ha varer lenger.

– Blitt trendy å ta vare på ting

– Eg er veldig positiv til forslaget om høgare krav til produsentane, seier Tord Dale, leiar for berekraft i Virke.

– Det blir også betre kundepleie ved at det kan gå føre seg i butikk. Butikken kan yte det som service eller selje reservedelar.

Tord Dale er leder for bærekraft/ politikk i Virke

Tord Dale, leiar for berekraft i Virke.

Foto: PRESSEFOTO / Virke

Han meiner det har blitt trendy å ta vare på ting, men at vi må bli enda flinkare til å reparere framfor å kjøpe nytt.

Reklamasjonsrett har lenge gitt forbrukarar høve til å få øydelagde ting brukbare igjen.

– I Noreg har vi hatt god rett til reparasjon. Men det er viktig å få ein kultur for å ta vare på ting og heller sjå verdien i å kjøpe produkt som kostar litt meir, men som varer lengre.

At Noreg er på topp i bruk og kast, meiner han er fordi vi er eit velferdssamfunn. På godt og vondt.

– Vi er rett og slett eit land med god økonomi. Hovudårsaka til at det blir kasta klede er ikkje fordi dei er øydelagde, men fordi vi har lyst på nye.

Håpar på selskap frå fleire

Bertelsen har fleire vekers ventetid på reparasjonar av sko.

Skomaker Kjetil Bertelsen håper han får flere reparasjonsnaboer i fremtiden.

Skomakar Kjetil Bertelsen håpar han får fleire reparasjonsnaboar i framtida.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– For 20 år sidan var det dei på 50 pluss som reparerte. Nå er det alle. Absolutt alle.

Han håpar på fleire verkstader rundt han i Stavangers gater.

– Viss eg skal drøyme litt: Tenk Søregata med berre handverk!