Hopp til innhold

Flest kvinner kjem innom henne på Fretex

Over halvparten av kvinner er villig til å kjøpe noko brukt, medan berre fire av ti menn seier det same. – Eg finn ikkje så mykje som passar meg, forklarer – mannen.

Martha Vatne Butikkleder i Fretex Arkivet

Marthe Vatne hos Fretex Arkivet i Stavanger ser flest kvinner inne i butikken, men får ofte førespurnader frå menn om meir utval for dei.

Foto: Siri Storesund Hansson

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det kjem flest kvinner inn, men eg legg også merke til menn, seier Marthe Vatne.

Ho er butikkleiar ved Fretex Arkivet i Stavanger og har jobba over 20 år i bruktbutikken.

På vegner av Sparebank 1 SR-Bank har Sentio Research gjort ei berekraftsundersøking. I ho kjem det mellom anna fram at berre 40 prosent av mennene er villige til å kjøpe noko brukt.

52 prosent av kvinnene svarte det same.

Kjøpar alltid bøker brukt

Brukthandel kan vere så mangt. Vatne har mange klesplagg i butikken, medan Finn.no byr på det meste.

Les også – Tenk at eg kanskje må sende eit fullt brukbart instrument til søppelplassen

Ståle Malde og pianospilling

For studentane Erlend Domino Sæbø og Daniel Alexander Miles kjem ikkje brukthandel inn i livet så ofte.

Erlend Domingo Sæbø og Daniel Alexander Miles

Erlend Domingo Sæbø og kompisen Daniel Alexander Miles kjøper ikkje så mykje brukt. Sæbø har faktisk aldri kjøpt noko som andre har eigd før han.

Foto: Siri Storesund Hansson / NRK

– Eg har aldri handla brukt, fortel Sæbø.

Jusstudenten trur grunnen er at han ikkje handlar så ofte. Når han først skal ha noko, er det lettare å berre kjøpe nytt.

– Eg tar gjerne ein storhandel ein gong i halvåret og handlar ein del jakker og sko, men elles er det lite, legg han til.

For kameraten handlar det meir om utvalet bruktbutikkane har.

– Eg handla litt bruk før, men har ikkje gjort det så mykje no. Eg finn ikkje så mykje som passar meg eller som eg synest er fint, og då kjøper eg det ikkje, seier Miles.

Han er likevel innom Finn.no for å kjøpe møblar eller skulebøker.

– Bøkene kjøper eg alltid brukt, for dei er så dyre, ler han.

Grønne brukte sko

Martha Vatne hos Fretex i Stavanger fortel at fleire turistar blir overraska når dei kjem inn i butikken fordi kvaliteten på dei brukte kleda er så bra.

Foto: Siri Storesund Hansson / NRK

Trur færre menn donerer klede

Det kjem ikkje like mykje brukte klede til menn som til kvinner, seier Vatne på Fretex. Ho trur dette bidreg til at færre menn kjøper brukte klede.

– Eg ser jo på min eigen mann. Han eig mykje mindre klede enn meg, så eg trur menn slit ut kleda meir enn kvinner. I tillegg kjøper dei mindre, og det er jo berekraftig, seier ho.

– Vi må få dei kjøpeglade mennene til å donere, for dei har jo klede, legg ho til.

Les også Fleire kjøper brukt, men færre leverer inn ting

Innleveringsbokser fra Gjenbruken

Ein må fange mennene på ein annan måte, meiner butikkleiaren. Viss det var meir gjenbruk av verktøy eller materiale trur ho fleire menn vil valt brukte.

– Eg har høyrt om ein pop-up gjenbruksbutikk i Oslo der dei berre baserte seg på menn. Dei hadde samla mange fine dressar og andre bruktvarer. Eg høyrde det var ein stor suksess, seier ho.

Har handla brukt i snart 40 år

Janne Øgæland frå Sandnes har sett brukthandel sidan 80-talet. Ho seier ho nærast går automatisk frå togstasjonen rett inn i bruktbutikken.

– Vi byrja på 80-talet og lette etter nokre svarte jakker. Så er det nokre av oss som berre heldt fram, fortel ho.

Janne Øgæland handler brukt.

Janne Øgæland seier ho går på autopilot rett inn i bruktbutikken.

Foto: Siri Storesund Hansson / NRK

Ho synest det er meir spennande å handle i ein bruktbutikk enn i ein vanleg butikk. I tillegg donerer ho ein del klede.

– Det er ein evig sirkel, men vi gjer noko godt av det, seier ho.

– Kva tenkjer du at menn ikkje handlar så mykje brukt?

– Nei, det har kanskje noko med imaget deira, svarer ho.

Kjem til å kjøpe brukt bil

Sæbø ser ikkje bort frå å kjøpe brukt i framtida.

– Eg kjem nok til å kjøpe min første bil brukt, ja. Bilar er så dyre og mistar verdi så fort ein vrir om nøkkelen, seier han.

Les også Halvparten av oss blir fornøgde med brukte julegåver

Brukte klede på butikken Green i Ålesund. Fremst heng ein kjole med perler på og ei svart selskapsveske

Han kjenner til fleire kanalar der ein kan kjøpe brukt, men har ikkje hatt bruk for dei enno.

– Eg var innom Fretex for å finne noko til ein temafest. Eg fann ingenting, så då kjøpte eg heller ikkje noko, legg han til.