Hopp til innhold

Viagra blir reseptfritt – og truleg dyrare

Reseptfritt Viagra kan hindre ulovleg kjøp av medisinar på nett frå kriminelle nettverk, der ein aldri kan vite kva ein eigentleg får.

Potenspiller, viagra

Ein gang på nyåret blir det enklare å få tak i Viagra.

Foto: ANDERS LEINES / NRK

– Vi har store problem med ulovleg import og kjøp på nett. I tillegg er det eit produkt og terapiområde som framleis er tabu for mange, seier stortingsrepresentant og farmasøyt Sveinung Stensland (H).

Sveinung Stensland

Sveinung Stensland er stortingsrepresentant for Høgre.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Han peikar på at pasientar med potensproblem ofte synest det er vanskeleg å snakke om det.

– No gjer vi det lettare å få hjelp, seier Stensland.

Han var saksordførar då Stortinget opna for å fjerne reseptplikta på enkelte medisinar. Den nye ordninga blir kalla «reseptfri medisin med rettleiing».

Sjekkliste for kjøp av Viagra

Denne sjekklista må Viagra-kjøparen fylle ut.

Foto: Statens legemiddelverk

Skal ein ha medisinar i denne ordninga, slepp ein altså å gå til legen for å få resept, men kan gå rett til apoteket. Der må ein få obligatorisk rettleiing og fylle ut ei sjekkliste om eiga helse.

Dersom ein til dømes har hatt hjarteinfarkt eller slag det siste halvåret, kjem det beskjed om å snakke med legen før ein bruker pillene.

– Dette kan gjere det lettare for folk å få tak i enkelte legemiddel, og gi betre tilgang og gjere det lettare for folk som vegrar seg for å gå til lege, seier Stensland.

Viagra først ut

Det er legemiddelfirmaa sjølve som må søke om å få produkta sine inn i ordninga. Så vedtek Legemiddelverket om middelet er eigna for dette.

Først ut som reseptfritt middel er altså Viagra, eit av fleire produktnamn på legemiddelet sildenafil, som hjelper personar med potensproblem.

Legemiddelverket har godkjent sal av pakkar på inntil åtte tablettar med Viagra. Det er førebels uklart om firmaet vil selje pakkar på fire eller åtte tablettar.

Medisinen kan bli dyrare

Ein bakdel er at prisen på potensmiddelet kan komme til å gå opp.

– Eg er nokså sikker på at det blir ganske mykje dyrare viss du ser på praksis i dag, seier Roar Dyrkorn.

Roar Dyrkorn på besøk hos fastlege Marianne Aadal

Spesialist Roar Dyrkorn er bekymra for at Viagra blir reseptfritt.

Foto: Marius Tvinnereim

Han er spesialist i allmennmedisin og klinisk farmakolog, og leiar i Norsk forening for allmennmedisin sin referansegruppe for medisinbruk.

For når resepten forsvinn, kan apoteka fastsette prisen sjølv.

Legemiddelverket stadfester overfor NRK at all erfaring tilseier at produkt blir betydeleg dyrare. Det blir imidlertid fortsatt mulig å få Viagra på resept, til samme pris som i dag.

Fryktar biverknadar

Den nye reseptfrie ordninga er heller ikkje heilt problemfri, ifølgje Dyrkorn.

Han er bekymra for at fastlegen ikkje får vite om ein pasient har kjøpt Viagra, med mindre pasienten fortel det sjølv.

– Når pasienten har fått noko på apoteket som legen ikkje veit om, då kan legen skrive ut medisin som er i konflikt med det pasienten har fått anonymt på apoteket, seier Dyrkorn.

Både antibiotika og tablettar mot syreplager kan føre til kraftige biverknadar av Viagra, påpeikar spesialisten.

Åtvarar mot falske produkt

Legemiddelverket erkjenner at dette er ei ulempe, men peikar på at det også kan gjelde annan reseptfri medisin.

Stensland ser ingen ulemper med ordninga og meiner det beste er at også fleire andre legemiddel kan bli reseptfrie, slik at folk slepp å gå til lege for å få tak i dei.

– Dei største uhella med Viagra er dei som kjøper produkt frå falske nettstadar, falske produkt og produkt som ikkje har same kvalitet som gjennom ein leverandør. Den store risikoen her, er nettsal frå utlandet, seier han.

Potenspiller teken i beslag

Potenspiller som er beslaglagt i tollen.

Foto: Tollvesenet

Det er førebels ikkje komme inn fleire søknadar frå legemiddelprodusentar om å få legemiddel med i den reseptfrie ordninga, men Dyrkorn trur dei vil komme.

– Eg trur Viagra kan vere ein fantastisk prøvestein for industrien, fordi det er kanskje eit av dei minst problematiske medikamenta å ta inn i ordninga, seier han.

AKTUELT NÅ