Hopp til innhold

– No kan eg få ei betre jul enn eg nokosinne hadde håpa på

Alt Knut Ragnar Hegseth Bakke (51) ønskte seg til jul var eit julekort og eit viskelêr. No har han fått fleire julekort i postkassa. – Viskelêr har eg også fått, seier han.

5 Knut Ragnar Hegseth Bakke i Debatten.

LEVER PÅ UFØRETRYGD: Knut Ragnar Hegseth Bakke deltok i Debatten tysdag.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Knut Ragnar Hegseth Bakke gav fattigdom eit ansikt då han stilte opp i Debatten tysdag.

Han fortalde at han hadde ti kroner igjen på konto, og at han grudde seg til jul.

– Vinteren for meg blir hard. Alt eg ønskjer meg til jul er eit julekort og eit viskelêr til å pussa ut støttelinjene på teikningane når eg teiknar med blyant, sa han i Debatten.

Først nektet Ap å stille i Debatten. Nå får Renate fortelle Marte Mjøs Persen om sin fattigdom.

Først nekta Ap å stilla i Debatten. No får Renate fortelja Marte Mjøs Persen om fattigdommen sin.

Men no har han fått håp for jula.

– Eg er utruleg takksam for all den varmen som har komme frå folk dei siste døgna, seier Bakke til NRK.

Han er tydeleg rørt når han snakkar om all omtanke han har fått. Folk har blant anna sendt julekort og vipsa pengar.

– Viskelêr har eg også fått. No kan eg få ei betre jul enn eg nokosinne hadde håpa på, seier Bakke.

– Heilt utruleg

Knut Ragnar Hegseth Bakke har slite med sterk angst, depresjonar, panikkanfall og hjarteproblem store delar av livet.

For to år sidan måtte han takka farvel til jobben. Den tidlegare taxisjåføren hadde vorte ufør.

I sommar mista han sambuaren sin til kreft. Livet vart vanskelegare utan Tone.

Knut Ragnar med kjæresten sin.

DU OG EG: Knut Ragnar Hegseth Bakke var saman med kjærasten Tone i 12 år før ho døydde av kreft sommaren 2022.

Foto: Skjermdump

I tillegg til sorga, måtte han takla overgangen frå to til ei inntekt.

Som uføretrygda får han utbetalt 18.748 kroner i månaden inkludert busstøtte.

Når bustadutgifter, straum og mat er dette summen han har igjen på konto:

Slik ser budsjettet til Knut Ragnar Hegseth Bakke ut etter at regningene er betalt

LEVER I FATTIGDOM: Ein gong i månaden får Knut Ragnar mat frå Frelsesarmeen.

Grafikk: NRK

– Eg har ni kroner og 99 øre, sa Bakke i Debatten.

– Eg er så dritlei pølser, men det er det eg har råd til å kjøpe. På torsdag unnte eg meg ein Grandiosa. Då var det fire månader sidan sist eg åt ein pizza, la han til.

No fortel Bakke om folk som har komme med mat på døra til han.

– Oda kom med to boksar med mat på døra i dag, naboar kjem med middagar. Det er heilt utruleg, seier han.

Over hundre meldingar

Stemma brest når han fortel om alle som har teke kontakt.

– Eg veit ikkje korleis eg skal få takka alle, seier han.

Knut Ragnar sin kunst

KUNST: På instagramkontoen @artbyknapstruper legg Knut Ragnar Hegseth Bakke ut teikningane sine. Portrett, fuglar, tre og to damer som kyssar kvarandre.

Foto: Skjermdump

Han finn roa når han teiknar. Då gløymer han tid og stad. På instagramkontoen @artbyknapstruper viser han fram kunsten sin, som på mange måtar hjelper han.

No har han fått eit viskelêr som han ønskte seg til å pusse ut støttelinjene på teikningane når han teiknar med blyant.

Han seier at han har fått hundrevis av meldingar på innboks.

– Eg skulle så gjerne få takka kvar einaste, men det er rett og slett ikkje mogleg. Men eg håpar folk les denne saka og skjønner at eg er takksam, seier Bakke.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ