Hopp til innhold

FK Haugesund snudde kampen etter sjokkstart

Kristiansund tapte 3–2 på Haugesund stadion og no ligge FKH på 2.-plass i Eliteserien.

Eliteserien fotball 2018: FK Haugesund - Kristiansund

Haugesunds Frederik Gytkjær (t.v.) og Haugesunds Babajide David Akintola jublar etter 2–1 målet i eliteseriekampen i fotball mellom FK Haugesund og Kristiansund på Haugesund stadion.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Haugesund har no 17 poeng, åtte poeng bak serieleiar Brann. Før laga møte kvarandre til toppoppgjer på Brann Stadion 16. mai.

Laster innhold, vennligst vent..

Starta med tabbe

FKH fekk ein dårleg start på kampen. Etter 12 sekund frå Kristiansund mål etter ein tabbe av Fredrik Pallesen Knudsen.

Kristiansund tok avspark og ballen enda hos høgreback Aliou Coly, han slår langt opp. Fredrik Pallesen Knudsen var heilt aleine og skulle ha full kontroll på situasjonane. I staden la han ballen godt til rette for Kristiansunds toppscorar Daouda Bamba, som enkelt putta ballen i mål.

Haugesund hamnar litt bakpå etter sjokket, men etter kvart starta dei å få til eit bra spel på Kristiansund sin banehalvdel.

Utlikninga kom likevel ikkje før 37 minutt for FKH. Frederik Gytkjær samarbeider godt med David Akintola, og servere han ein god ball. Akintola rundar keeper og sette inn 1–1. Dette blei også resultatet til pause.

2. omgang

FKH pressa Kristiansund frå start i 2. omgang. Dei hadde fleire brukbare høver i tidleg fase. Men bortelaget jobbar bra og kampen blir etter kvart jamn.

Etter 71 minutt kom endeleg leiarmålet. Christian Grindheim fekk lagt ballen inn lågt føre målet til Kristiansund. Gytkjær fekk akkurat ein fot på ballen, som går i mål.

Ti minutt seinare doblar FKH leiinga. På ein corner frå Kristoffer Haraldseid står bømlingen Torbjørn Kallevåg godt plassert og får ballen i mål. 3–1 til FKH.

Eliteserien fotball 2018: FK Haugesund - Kristiansund (3-2)

Haugesunds Torbjørn Kallevåg (i midten) i lykkerus etter 3–1 målet.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Like før slutt reduserte Kristiansund til 3–2. Men FKH vann fullt fortent.

– Det smakte godt med mål. Eg var på rettsplass til rett tid, seier Grytekjær like etter kampen.

Han meiner motstandaren bør frykta dei på heimebane framover.

–Me er i gang med å etablere oss sterke på heimebane, og me skal bli vanskeleg å slå her vidare. Men først og fremst skal me ha fokus på kampen som er på onsdag. sluttar Grytekjær.

Flere nyheter fra Rogaland