Hopp til innhold

Familievernkontora slit: – Vi får mange fleire førespurnader enn vi klarer å ta unna

Dei siste to åra har kapasiteten blitt pressa i familievernet. Førespurnadene aukar, men dei blir færre og færre tilsette.

Cathrine Steffensen, leder for Stiftelsen Kirkens Familievern Sør-Rogaland

Cathrine Steffensen er leiar i Familievernkontoret i Sør-Rogaland i stiftinga Kirkens Familievern. Dei opplever eit stort trykk.

Foto: Andrea Mælumshagen Molland / NRK

– Så langt i år har vi fått over 50 fleire førespurnader enn på same tid i fjor, seier leiar for Familievernkontoret i Sør-Rogaland i stiftinga Kirkens Familievern, Cathrine Steffensen.

I familievernet har dei opplevd meir pågang, men dei blir færre og færre tilsette. På eit år har dei gått frå 41 til 36 tilsette ved kontora i Sør-Rogaland.

– Vi har mindre pengar, og har ikkje hatt høve til å tilsette folk i stillingar eller få inn vikarar, seier Steffensen.

Direktør i stiftinga Kirkens Familievern, Hilde Barstad, seier dei merkar dette på alle kontora. På dei ti kontora deira er det omtrent 7 prosent færre tilsette i år enn i fjor.

Nå er det trongt her. Vi har klart oss greitt tidlegare, men nå buttar det skikkeleg, seier Barstad.

Hilde Barstad, direktør Stiftelsen Kirkens familievern

Hilde Barstad, direktør i Stiftinga Kyrkjas Familievern. Ho er bekymra for utviklinga i familievernet.

Foto: Paal A. Berg

Ifølge Barstad vil lenger ventetid føre til at dei som treng hjelp må slite lenger på eiga hand. Og dette kan gå spesielt hardt utover barn i familiar med høg konflikt.

Det at dei opplever fleire førespurnader nå, kan vere av fleire grunnar.

– Det kan vere folk har det meir krevjande nå enn før. Kanskje det er ein etterfølgar av pandemien eller økonomi, seier Barstad.

Fjerna tilskotsordning

Tidlegare har det vore ei tilskotsordning som Bufdir forvalta. Den gjorde at det var mogleg å søke støtte for organisasjonar som ønskte å halde samlivskurs.

Denne ordninga blei avvikla i 2021.

Da forsvann tilskot til samlivstiltak. Det finst enda ei tilskotsordning for foreldrestøttande tiltak. Der ein kan søke om støtte til å utføre kurset «godt samliv» for førstegongsforeldre.

– Tilskotsordninga gav oss fleksibilitet til å halde kurs i helgar og på kveldane. Nå er det lite moglegheiter for det, seier Steffensen.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) ser viktigheita av tenestene som familievernet yter.

Ifølge Barne- og familiedepartementet skal løyvinga deira vere pris- og lønnsjustert for kvart år på lik linje med dei andre postane i statsbudsjettet.

Kjersti Toppe

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Foto: William Jobling / NRK

Når enkelte kontor og regionar opplever økonomiske utfordringar, er det viktig at dei prioriterer ressursane godt innfor regionane, og dermed mellom familiekontor, og at dette skjer i dialog med Bufdir, seier Toppe.

Eg er opptatt av at tenestene blir godt drivne. Vi vil følge dette opp på eigen måte i samråd med Bufdir.

– Mange vi ikkje hjelper

Med knapp kapasitet må familievernet gjere nokre strenge prioriteringar over kven som får tilbod.

– Vi må prioritere par som har barn, seier Barstad.

På familievernet skal ventetida vere på inntil tre veker, men nå er det fleire som må vente opptil ti veker før dei får time.

– Somme periodar er det enda lengre ventetid. Det er veldig trist å ikkje kunne tilby den hjelpa til fleire, seier Steffensen.

Familievernkontoret i Sør-Rogaland

Familievernkontoret i Sør-Rogaland.

Foto: Andrea Mælumshagen Molland / NRK

Med eit offentleg tilbod som familievernet mindre tilgjengeleg, kan det hende fleire vel å ta timar privat.

Steffensen er redd dette kjem til å auke dei sosiale forskjellane, da det ikkje er alle som har høve til å ta kostnaden.

Det er stor pågang i dei private organisasjonane òg. På Modum Bad er deira samlivsskurs heilt fulle.

– Vi har måtta auke prisane på kursa våre for at det skal gå rundt, seier leiar av seksjon for familie og samliv i Modum Bad.

Glenn Ringdal

Glenn Ringdal meiner det bør settast enda meir fokus på viktigheita av samlivskurs.

Foto: Unni Tobiassen

På Modum Bad er dei i dag 1700 kursleiarar, og dei har ennå ikkje måtta seie opp nokon. Men både Ringdal og Barstad er bekymra for utviklinga vidare.

– Vi har ei privat stifting til hjelp, men det er meir krevjande for oss å halde oppe same tilbod, seier Ringdal.

Nøkkelen for familiar og samfunnet

– Å kutte i desse midlane er heilt vanvitig, seier KrF-leiar Olaug Bollestad.

Ifølge Bollestad er familiane og verna rundt familiane og ungar noko av det viktigaste politikarar kan legge til rette for. Ho meiner det må givast meir rom for samlivskurs.

Olaug Bollestad

KrF-leiar Olaug Bollestad er ein stor forkjempar for familievernkontora.

Foto: Torbjørn Tandberg

– Når ein ikkje har det tilbodet, vil familievernkontora oppleve eit større trykk. Og da må det vere ressursar for å møte desse familiane, seier ho.

Ho meiner ei tilsvarande tilskotsordning bør bli innført igjen, i tillegg til å auke ressursane til familievernkontora.

– For samfunnet og familiane sin del er dette nøkkelen, avsluttar Bollestad.

Ringdal synest det er veldig trist at det ikkje blir sett av meir midlar til å støtte samlivskurs.

– Det er kjempeviktig å investere i dei vaksne sine relasjonar for å unngå konfliktar. Det kan ha så mykje å seie for den psykiske helsa til barn og unge, seier han.