Hopp til innhold

Fest for ferjefri E39

I går kveld kom nyheita om at regjeringa går inn for ferjefri E39. I dag kunne feiringa byrja for fullt, men ikkje alle jublar like høgt.

I dag har LO, NHO og Næringsforeininga feira med kake på Folkets Hus, dagen etter det blei kjent at regjeringa vil gå for ferjefri E39.

VIDEO: Her feirar gruppeleiar for Arbeidarpartiet si fylkestingsgruppe, Tom Tvedt, saman med NHO, LO og Næringslivsforeininga.

Saman med LO, NHO og Næringslivsforeininga feira i dag gruppeleiar for Arbeidarpartiet si fylkestingsgruppe i Rogaland, Tom Tvedt, nyheita som kom i går.

Regjeringa lover ferjefritt vestland om 20 år.

– Dette er ei historisk hending. Me snakkar eigentleg om å bygga nytt land, seier ein begeistra Tvedt, medan han et frå kaka si.

– Vil bety enormt mykje for næringslivet

Men ikkje berre politikarane er glade i dag.

– Det er ein fantastisk gladnyheit for heile regionen, og for næringslivet spesielt, seier Jan Håvard Hatteland, som er leiar for transport og logistikk i NHO.

Bygginga av Rogfast skal starta i 2015. I transportplanen blir det løyvd ein milliard kroner til tunnelen under Boknafjorden, pluss prosjektmidlar til å setja i gang arbeidet med å fjerna sju andre ferjestrekningar.

I løpet av 20 år skal heile vegen mellom Stavanger og Trondheim vera ferjefri.

– Dette vil ha enorme betydningar, nå kan næringslivet utvikla seg på ufatteleg gode vilkår, seier Hatteland.

Ikkje alle jublar

Også på tvers av det politiske spekteret er gleda unison.

– Dette er noko mange har slåst for lenge, og nå ser det ut som om ein draum kan bli røynd, seier leiar i Rogaland Høgre, Sveinung Stensland.

Men ikkje alle jublar like høgt i dag.

– Det er urettferdig at bilistane nær byane må betala mest for ferjefri E39, seier nestleiar i transportkomiteen på Stortinget, Bård Hoksrud, frå Framstegspartiet.

Han er ikkje heilt nøgd med finansieringa som legg opp til at staten spyttar i meir pengar i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal, enn i Hordaland og Rogaland.

Dermed blir det dyrare i dei mest folkerike områda, når regjeringa lover ferjefri E39 frå Stavanger til Trondheim innan 20 år.

Hoksrud meiner prosjektet burde blitt gjennomført utan å bruka ei einaste bomkrone.

– Ja det handlar om politisk vilje, når det er politisk vilje i dette landet så klarer me jo å få det til, seier han.

Ikkje samd med Hoksrud

Bent Høie, som sit på Stortinget for Høgre, er ikkje samd i Hoksrud sitt utspel.

– Trafikkgrunnlaget mellom Stavanger, Haugesund og Bergen er noko heilt anna, enn over Sognefjorden. Derfor må me akseptera at dersom me vil ha heile strekket ferjefritt må staten bidra mest der trafikkgrunnlaget er lågast, seier Høie.

I Rogfast skal bilistane betala ni av ti milliardar. Resten må koma frå Stortinget i åra som kjem. Men Stensland lover at eit eventuelt nytt fleirtal etter valet til hausten ikkje vil rokka ved planane.

– Nei, det kan eg garantera. Høgre er for Rogfast og ferjefri E39, så det skal me slåst for uansett.