– Alle innbrota ser ut til å ha same modus, det vil seia at dei har gått inn soveromsvindauget eller knust terrassevindauget. Og gjerningspersonane ser ut til å ha vore ute etter gull og sølv, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Egil Karlsen.
Politiet fekk seint i går kveld og i natt melding om til saman fem bustadinnbrot. To på Nærbø, eitt på Bryne, eitt på Forus og eitt i Stavanger. Politiet ser ikkje bort frå at det er ein samanheng.
– Særleg dei på Jæren ser ut til å ha ein klar samanheng. Dei andre er litt meir uvisst, sjølv om modusen også her er lik, seier Karlsen.
- LES OGSÅ:
Det var ikkje folk i bustadane då innbrota skjedde. Og politiet veit ikkje kor mykje gjerningsmennene har fått med seg.
– På ein av adressene så veit me at det har blitt stole noko, men på dei andre adressene er det førebels uvisst, seier Karlsen.