Hopp til innhold

Innbrotsbølgja slår inn over Haugalandet

Det har vore over 30 bustadinnbrot på Haugalandet sidan jul. – Skalk alle luker, sjølv om du berre skal ut ein liten tur, er oppmodinga frå politiet.

Inntrenger, illustrasjonsbilde

BLIR MEIR AKTIVE: Mobile vinningskriminelle har ikkje vore late nord i Rogaland og sør i Hordaland i det siste, heller tvert om. (illustrasjonsbilete)

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Den siste tida har politiet i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt merka ein auke av innbrot og grove tjuveri frå bustadar, og den siste tida har det blitt endå meir. Politiet er sikre på at desse innbrota er gjort av såkalla mobile vinningskriminelle (MVK).

Bernt Norvalls

BERNT NORVALLS: ...er leiar for Felles operativ eining i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Det har vore om lag 30 innbrot sidan jul i politidistriktet, seier Bernt Norvalls, leiar for Felles operativ eining i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

– Kva er normalen?

– Det varierer, men det totale talet på innbrot har gått opp i denne perioden. Innbrota er analyserte, og om lag 30 av dei har denne framgangsmåten, seier Norvalls.

Mobil vinningskriminalitet er som oftast organisert, og sjølv om det er flest aust-europearar, så kan det også vera nordmenn som gjer dette.

Over 20 i Haugesund

Innbrota på Jæren har nesten kome like tett som bølgjene på strendene den siste tida. Sidan mars i fjor har det vore over 100 innbrot i dei tre kommunane Klepp, Time og Hå. Til samanlikning er det vanlege mellom 15 og 20 innbrot.

No slår bølgja inn lenger nord også. Sidan jul i fjor har Haugesund politistasjon registrert mange innbrot i Haugesund, men også bustadar på Stord og Karmøy har vore utsett.

– Litt over 20 av innbrota har vore i haugesundsområdet, resten på Stord og Karmøy, seier Norvalls.

Politiet har sett opp ei liste over nokre fellestrekk dei har funne ved innbrota:

  • Spesielt hus frå perioden 1970 til 1990
  • Hus som er skjerma for innsyn
  • Husa ligg ofte litt for seg sjølv,
  • ... men ikkje alltid, også ein del innbrot i bustadfelt
  • Bryt ofte opp dører og vindauge utan innsyn, ofte i andre etasje
  • Tjuvane legg att frå spor
  • Mykje tyder på rekognosering i framkant av innbrota
  • Tek lett omsettelege verdiar, smykke og pengar

Ekstra tiltak

No set politiet inn ekstra tiltak i kampen mot dei vinningskriminelle.

– Med denne nye analysen klarer me å finna ut av kva bustadfelt og klokkeslett som er mest utsett. Då kan me intensivera patruljeringa, og å ta nokon på fersken hadde jo sjølvsagt vore veldig kjekt.

Det andre politiet no kan gjera er å gå ut med tips til førebyggjande tiltak:

  • Lat att vindauge når du er vekke
  • Lås dørene og aktiver alarmen (dersom du har), sjølv om du berre skal ut ein kort tur
  • Vurder utskifting av gamle låsar
  • Avtal nabohjelp
  • Gøym verdisaker, eller ta det med deg
  • Gøym stigar og ha alltid på litt lys i huset
  • La det vera att litt søppel i søppeldunken, slik at det ser ut som om det er folk heime.

– For det tredje vil me sjølvsagt ha tips frå publikum om alt som ser mistenkjeleg ut, seier Norvalls.