Hopp til innhold

Fekk fleire kvinner inn i politikken med middagsselskap

Talet på kvinner i kommunestyra går seint oppover. Går det like treigt framover, vil me nærma oss 2050 før dei utgjer halvparten. Men enkle grep kan kanskje få opp tempoet.

Iren Lassen hos Margret Hagerup

Iren Lassen er 36 år og har aldri vore aktiv i politikken. Men det var før ho gjekk på middag til stortingsrepresentant Margret Hagerup.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Eg hadde aldri tenkt på det før Margret ringde og spurte om eg var interessert.

Iren Lassen er 36 år og på full fart inn i lokalpolitikken, for aller første gong.

Ho står på fjerdeplass på lista til Høgre i Time kommune, og det er store sjansar for at ho vil ta ein av dei 27 plassane i kommunestyret etter valet neste haust.

Men akkurat nå sit ho ved middagsbordet til stortingsrepresentant Margret Hagerup.

Lydnivået er høgt, for i kveld er dei ti kvinner rundt bordet og alle har dei ein ting til felles – eit stort politisk engasjement.

Nokre er gamle travarar, men dei fleste er nyfrelste.

Listemiddag hos Margret Hagerup

Ti kvinner samla til middag hos Margret Hagerup. Nokre er nye medlemmar andre har takka ja til å stå på lista.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Potetsuppe for politisk engasjement

– Eg kjenner meg jo litt som ein predikant, seier Hagerup.

Stortingsrepresentanten har vore leiar av nominasjonskomiteen til Høgre i heimkommunen Time. I kommunestyret er berre 30 prosent av representantane kvinner. Hagerup har gjort det til eit mål å få fleire kvinner til å stå på lista.

Margret Hagerup

Margret Hagerup.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Og ho har ikkje berre spurt MANGE kvinner.

Ho har også spurt dei fleire gonger.

– Eg trur at for veldig mange damer så må ein spørja fleire gonger. Og så trur eg og at ein må vera tydeleg på at dei ikkje må svara med ein gong. Eg hugsar jo sjølv då eg fekk spørsmålet, det høyrdest jo heilt usannsynleg ut, seier firebarnsmora.

Men å trenga tid på å bestemma seg, er ikkje det same som eit nei. Og Hagerup høyrde på fleire av kvinnene ho spurte at sjølv om dei var usikre, så var det mange som også var litt spente og syntest det høyrdest kjekt ut.

Så då inviterte ho på potetsuppe heime hos seg sjølv.

– Eg inviterte ein blanding av folk som har vore med før og folk som var heilt nye. Og der kunne me ta alle spørsmåla som folk lurte på. Kva er eit gruppemøte? Må ein veta alt? Må ein vera einig med alt Høgre meiner?

– Funka det?

– Det funka!

17 kvinner og 16 menn stod på lista ho leverte inn til partiet.

Ved førre val var talet 10 kvinner og 15 menn.

Margret Hagerup inviterer listekandidater til middagsselskap.

Margret Hagerup delar litt av sine erfaringar frå politikken under middagen.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Sakte ferd mot halve himmelen

– Det er ein god måte å gjera det på. Det ufarleggjer ein del ting med det å vera i politikken, seier Ragnhild Louise Muriaas om middagsselskapet til Hagerup.

Ragnhild Muriaas, forsker UiB

Ragnhild Muriaas, professor i statsvitskap ved UiB.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Muriaas er professor i statsvitskap ved Universitetet i Bergen, og har fokus på spørsmål knytt til kjønn, representasjon, val og demokratisering.

– Politikken skal vera ein stad der ein kan trivast og kjenna seg trygg på å koma med politiske synspunkt. Det å starta litt sosialt og kunna øva seg der, er nok ein fin måte å bryta barrierar på for å gå inn i politikken.

Les også Utan personstemmer hadde det vore fleire kvinner i kommunestyra

Avstemming

Ved førre kommuneval kom kvinneandelen i kommunestyra i Noreg for første gong over 40 prosent. Men utviklinga har gått sakte framover. Går det like treigt som ved dei førre seks vala, vil me vera nær 2050 før kvinnene utgjer halvparten.

Men det kan også ta endå lengre tid.

– Det er ikkje noko automatikk i å få kjønnsbalanse i politikken. Det må ligga vilje og strategiar bak for å få det til.

Å bevisst jobba med vallistene trekk ho fram som ein nøkkel til betre representasjon.

Men nøkkelen til å få kvinnene til å seia ja. Kva er den?

– For det første må ho bli spurt. Det er veldig sentralt for kvinna. Men ikkje berre bli spurt, ho må òg få litt tenketid. Så ein må spørja igjen og ikkje ta eit nei for eit nei.

Iren Lassen

Iren Lassen følger med på diskusjonen rundt middagsbordet hos Margret Hagerup.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Del av ei fellesskap

Rundt middagsbordet til Hagerup i Time sit fleire kvinner som anten har meldt seg inn i partiet eller takka ja til å stå på lista etter at Hagerup tok kontakt.

– Spørsmålet kom på eit godt tidspunkt. Ungane begynner å bli så store at dei kan klara seg litt meir sjølv. Og så kjende eg at moglegheita blei lagt litt i fanget på meg, og då tenkte eg at då skal ikkje eg vera ein som ikkje tar den, seier Iren Lassen.

Det namnet hadde ikkje stått på Høgre si liste i Time, om ho ikkje hadde blitt spurt.

– Eg tenkte ikkje på det ein gong. Men det at nokon andre dytta meg litt uti det, det var det som gjorde det lett for meg å seia ja. Det var nokon som hadde trua på meg.

Middagsselskapet til Margret Hagerup spelte også ei viktig rolle.

– Du ufarleggjer det. Det gir deg lov til å få eit blikk innanfor og stille spørsmåla du treng. Du kan høyre på dei som har lang erfaring og høyre refleksjonane til dei andre som har lyst å koma i gang.

Sist gong var det potetsuppe. I dag er det pastasalat som står på menyen.

– Ungane likte den ikkje. Det er fleire år sidan eg lagde det sist, ler Hagerup.

Jobben med lista er over. Nå startar arbeidet med å koma inn i kommunestyret. Og då blir ikkje slike middagsselskap mindre viktige.

– Du føler at du blir ein del av eit miljø. Og det er viktig med eit godt og trygt fellesskap, som me kan bruka når me skal ut og meina noko, seier Lassen.

Listemiddag hos Margret Hagerup

Rundt ei skål med pastasalat løyser dei verdsproblem denne kvelden.

Foto: Kjersti Hetland / NRK