Hopp til innhold

Feilen retta – Jærbanen open

Både strekningen Ganddal - Klepp og Ogna - Vigrestad er nå open igjen, etter å ha vore stengd sidan i dag tidleg.

Jærbanen

Feil på to sporvekslarar skaper trøbbel på Jærbanen måndag.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

NSB melder at det er sett opp buss for tog mellom Ogna og Vigrestad. Bussane køyrer kontinuerleg, uavhengig av toget sine rutetider.

Det var om lag klokka 07.30 Jernbaneverket melde om feil med ein sporveksel på Brusand. Den feilen vart retta klokka 11.35.

Ein time seinare blei det meldt om ein ny feil på ein sporveksel ved Ganddal godsterminal. Den feilen vart retta klokka 10.30

– Det blir ein del forseinkingar ut at dette, seier Henning Lode i Jernbaneverket.

– Vi beklagar dei ulemper kundane har opplevd denne formiddagen, legg han til.