Hopp til innhold

Fastlege: – Ufarleg å bruke «gamle» medisinar

STAVANGER (NRK): Kvart år blir medisinar for over ein halv milliard kroner kasta. Fastlege Morten Munkvik meiner folk fint kan bruke visse typar medisinar sjølv om dei er gått ut på dato.

Medisiner i skuffa til fastlegen

GAMMAL, MEN OFTE GOD: Fastlege Morten Munkvik meiner det er liten grunn til å hive alt av gamle medisinar og springe til apoteket for å kjøpe nye. Mykje verkar heilt fint sjølv om det er gått ut på dato, seier han.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

Kvart år kastar nordmenn rundt 600 tonn medisinar. Blant desse enorme mengdene tablettar, kapslar, miksturar og salver, er det ein god del som fint kan brukast – sjølv om datostemplinga skulle seie noko anna. Det meiner fastlege Morten Munkvik.

– Datomerkinga er sett veldig tett opp til dagen du kjøpte medisinen. Kanskje berre eit par år. Men medisinen varer vanlegvis mykje lengre, seier han.

Munkvik meiner folk stort sett kan ta dei fleste medisinar som har blitt for gamle. Men han påpeiker at ein ikkje bør ta nokon risiko når det gjeld medisin som ein er heilt avhengig av.

– Viss du har vondt i hovudet og tar ein hovudpinetablett som ikkje verkar, endar du berre opp med vondt i hovudet litt lenger. Men viss insulinpennen din ikkje verkar, døyr du, seier han.

Morten Munkvik

Morten Munkvik jobbar som fastlege i Stavanger, og er kjent gjennom podkasten Radiolegen. Han meiner gamle medisinar stort sett verkar som dei skal.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Andre døme er smeltetablettar med nitroglyserin som blir brukt av anginapasientar og astmaspray som blir brukt for kraftige og farlege astmaanfall.

Munkvik ville òg vore forsiktig med gamle augedropar, fordi konserveringsstoffet kan bli for gammalt. Då kan det komme bakteriar i augedropane.

Umogleg å vite om medisinen verkar

Fastlegen ser heller ingen grunn til at du skal kaste kremar og salver berre fordi produktet er gått ut på dato.

– Det går ofte heilt greitt å bruke dette. Ver obs viss produktet ser ut som det er gammalt, og ikkje har den konsistensen som det hadde då det var nytt, seier han.

Farmasøyt og seniorrådgivar i Statens legemiddelverk Øyvind Holte kan langt på veg støtte Munkvik. Men han minner om at verkestoffa i gammal medisin kan vere redusert. Og det er umogleg å vite på førehand.

– Når du vurderer mat som er gått ut på dato, kan du kjenne om han smaker som vanleg. Men når du tar ein gammal tablett, har du inga moglegheit til å vite kor mykje av verkestoffet som er igjen, seier han.

Øyvind Holte

Farmasøyt Øyvind Holte i Legemiddelverket seier du kan bruke gammal medisin, men du risikerer dårlegare effekt.

Foto: Statens Legemiddelverk

Neppe direkte skadeleg

Holte forklarer at heile poenget med å datomerke medisinar, er at verkestoffet blir brote ned over tid.

– Det er verkestoffet som skal kjempe mot sjukdommen. Ofte blir det brote ned når medisinen blir påverka av fukt, lys eller luft. Og kjemisk nedbryting går ofte raskare når medisinen er i væskeform, seier han.

Det betyr at mellom anna hostesaft og augedropar vil ha kortare haldbarheit enn ein tablett.

Holte er likevel klar på at det neppe er direkte skadeleg å ta gamle medisinar.

– Den største risikoen du tar er å få ein litt lågare dose enn du skulle hatt. Du blir altså ikkje sjuk, men heller ikkje frisk.

– Ein Donald Duck-sum

Fastlege Munkvik meiner det er ufatteleg at det blir kasta så mykje som 600 tonn medisinar kvart år. Det utgjer verdiar for over ein halv milliard kroner.

– Det er ein Donald Duck-sum, og heilt sinnssjukt å tenke på, seier han.

Holte i Legemiddelverket er samd i at det å hive medisinar i søpla er dårleg ressursbruk.

– Det gjer at eg tenker ein kan tillate seg å bruke gamle medisinar, seier han.