NRK Meny
Normal

Farleg å vera mjuk trafikant i Rogaland

Syklistar og fotgjengarar er meir utsett for ulukker i Rogaland enn i de fleste andre fylka i Norge. Dei siste ti åra er 24 prosent av alle drepne og hardt skadde fotgjengarar eller syklistar.

Syklar i Misjonsveien

Syklistar på fortauet i Misjonsvegen i Stavanger.

Foto: Erik Waage / NRK

Per Kåre Foss

Per Kåre Foss (KrF) er leiar for trafikktryggleiksutvalet i Rogaland fylkeskommune.

Foto: KrF

Tall frå Nasjonal tiltaksplan for trafikktryggleik på veg viser at kvar fjerde person som blir drepen eller skadd i trafikken i Rogaland er ein mjuk trafikant. Berre to andre fylke har ein høgare del skadde syklistar og fotgjengarar.

– Det er vanskeleg å sei kvifor det er slik, men me har i alle fall ein lengre sykkelsesong her enn andre stader i landet på grunn av den milde vinteren, seier Per Kåre Foss (KrF), som er leiar for trafikktryggleiksutvalet i Rogaland fylkeskommune.

– Må ha samanhengande trasear

Foss held fram med å erkjenna at det ikkje er haldbart at ein har ein slik situasjon. Politikarane ønsker trass alt at fleire skal velja sykkel framføre bil.

– Derfor er det svært viktig at me får dedikerte trasear som heng saman, slik at syklistar og gåande kan velja å sykla til arbeid eller aktivitetar utan å kryssar med trafikk eller parallelt.

Han legg til at dette er eit arbeid som alt er i gang.

– Sykkelmotorvegen som me har jobba med lenge er eit av dei tiltaka som både skal motivera, men også gjera det trygt å bruka sykkel.

Sykkel i Stavanger

Roar Børresen leiar sykkelsatsinga i Stavanger kommune.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Jobbar for sikrare sykkelvegar

Ein av dei som ser fram til betre sykkelveg i fylket er Roar Børresen, som leiar sykkelsatsinga i Stavanger kommune. Han er samd i at dette er viktig for å skapa tryggleik for dei mjuke trafikantane.

– Me må ha sikre sykkeltrasear. Dette er noko me jobbar for døgnet og året rundt, seier han til NRK.

Den same statistikken viser at det er ganske trygt å køyra bil på vegane i fylket. Rogaland er av fylka med lågast risiko for å bli drepen eller hardt skadd per køyrde kilometer.