Hopp til innhold

Meiner vi blir dårlegare til å lytte: – Noko har endra seg, seier Dany (20)

Teknologien har gjort oss meir egoistiske og bidratt til at vi er dårlegare lyttarar, seier både psykolog og leiarutviklar. Og det gjeld alle. Ikkje berre dei unge.

Dårligere på å lytte

Studentane Dany Gonzalez Teigland (20), Eirik Saur Holte (20) og Sveinung Johansen Wathne (21) viser her eit eksempel på korleis dårleg lytting kan sjå ut. Bildet er sett opp.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

– Du høyrer ein person snakke, og orda set seg i hovudet ditt slik at du klarer å halde ein samtale gåande.

Student Dany Gonzalez-Teigland (20) forklarer her kva lytting er. Sjølv trur Teigland at han som regel er ein god lyttar.

Men ikkje alltid.

– Eg har ein tendens til å rote meg vekk, seier han.

Dårligere på å lytte

Teigland seier han fleire gonger har opplevd at andre er på mobilen eller gjer noko heilt anna når han snakkar med folk.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

Trend i takt med utviklinga til teknologien

Medstudent Eirik Saur Holte (20) har ei klar oppfatning:

– Noko har endra seg i det siste. Konsentrasjonen har blitt dårlegare, og mange har blitt dårlegare til å lytte, seier Holte.

Teigland og Sveinung Johansen Wathne (21) nikkar. Dei tre sit på same bord på Universitet i Stavanger sitt bibliotek.

Og dei er nok ikkje heilt ute å køyre med den tanken.

I alle fall ikkje ifølge denne mannen:

Psykologspesialist Vidar Kristiansen ser inn i kamera og smiler. Han har hvit skjorte og hendene i lomma.

– Vi er dårlegare til å lytta og å vere til stades akkurat no.

– Den mentale kapasiteten vår for å få det til, er også svekt.

Han er psykologspesialist og heiter Vidar Kristiansen, også kjent som @psykolog.pappa på Instagram.

Kristiansen peikar på to grunnar og viser til forsking som støttar det han seier.

– Moderne teknologi.

Og:

– Eit samfunn som i aukande grad stiller krav til produksjon og fart.

«Phubbing»

Bruk av teknologi skaper utfordringar for studentar sine evner til aktiv lytting, viser ein forskingsartikkel (ekstern lenke).

– På eit generelt grunnlag trur eg alle har blitt dårlegare til å lytte. Ikkje berre dei unge, seier psykologspesialisten.

Han trekker fram ordet «phubbing» som dukka opp i 2012.

NRK forklarer

Kva er «phubbing»?

Kva er «phubbing»?

Ignorerer den som snakkar

Ordet phubbing kjem frå engelsk og er ei samanslåing av phone (telefon) og snubbing (ignorere).

Phubbing beskriv fenomenet der ein part er så opptatt av eigen telefon at den andre opplever seg tilsidesett.

Det at vi i det heile treng eit ord for fenomenet, tenker eg beskriv ei utvikling der vår evne til å lytte har blitt svekt på eit overordna plan, seier psykolog Kristiansen.

Skulder på sosiale medium

Student Teigland trur ikkje vi har mista evna til å lytte. Han seier det heller handlar om at vi ikkje vel å lytte.

– Ein tenker kanskje på det ein snakkar om som mindre viktig enn det du kan sjå på mobilen, seier han.

Dårligere på å lytte

Du blir mindre empatisk, mindre nysgjerrig og får ei dårlegare evne til å ta vare på andre. Dette blir peika på som nokre av konsekvensane dersom du er dårleg på å lytte.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

Studiekamerat Wathne er einig og trur sosiale medium har fått merksemda vår til å bli verre.

– Viss ein vanleg samtale er kjedelegare enn det ein ser på TikTok, er det kanskje ikkje så rart at ein ikkje lyttar like godt, seier han.

Men er det eigentleg så farleg om vi ikkje lyttar like mykje?

Psykolog Vidar Kristiansen
Privat

– Skaper nærleik

Psykolog Kristiansen seier lytting er med på å skape nærleik på eit emosjonelt plan.

– Det gir den som fortel ei oppleving av å bli sett, høyrt og akseptert, seier han.

Dette betyr at lytting altså kan vere med på å skape sterke relasjonar.

Tre venner sitter ved et bord på kaf i serien Hybris. De smiler og det er god stemning.
NRK

Ein god kvalitet

– Kva effektar kan det ha dersom du er ein god lyttar?

– Det kan føra til at andre opplever deg som ei man ønskjer å vere rundt, ein som vil deg vel og som interesserer seg for og toler deg, svarer Kristiansen.

Han trur ein god lyttar er ein kvalitet mange plasserer høgt i ein vennskap.

Dårligere på å lytte
Simon Elias Bogen / NRK

– Du kan opplevast som fråverande

Om du ikkje lyttar særleg til andre, trur psykologen det kan få negative konsekvensar for deg.

– Du står i fare for å ikkje fange opp sinnsstemninga til den andre eller kva som opptar vedkommande, seier han.

Dette kan leie til at du ikkje får vere til stades emosjonelt for vedkommande.

– Over tid vil du kanskje kunna opplevast som fråverande, lite støttande eller uinteressert, seier psykologen.

– Blitt meir egoistiske

Leiarutviklar og forfattar Rune Semundseth seier det er mange av oss som har store forbetringspotensial når det gjeld lytting.

– Det generelle nivået på lytting i dag er dårleg.

Han har skrive boka «Lyttekunsten» og er i kontakt med mange menneske gjennom jobben sin.

– Eg trur mange menneske har litt nok med seg sjølve. Vi har så mange forventningar frå andre, og vi har kanskje blitt meir egoistiske etter all teknologien, seier han.

Rune Semundseth

Rune Semundseth, leiarutviklar og dagleg leiar i Businessmastering. Han trur dårleg lytting fører til mindre forståing for kor viktig det er å ta vare på kvarandre, bry oss, vere nysgjerrig og å vise empati.

Foto: Terje Næss

Semundseth støttar psykolog Kristiansen i at det gjeld alle generasjonar. Han trur ikkje ungdommen er dårlegare på å lytte enn andre.

Kanskje tvert imot.

– Ungdommen bruker sjølvsagt meir medium enn oss halvgamle eller middelaldrande. Men dei lyttar jo til kvarandre mens dei gamar for eksempel, seier han.

Leiarutviklaren seier det er lurt å sette seg inn i kva lytting eigentleg er på vegen til å bli ein betre lyttar.

– Dei fleste av oss trur dei er betre på å lytte enn det dei faktisk er, påpeikar han.

Har du tips til korleis vi kan bli betre på å lytte? Da vil vi gjerne høyre frå deg i kommentarfeltet under!

Hei, du!

Har du noen tanker du sitter inne med etter å ha lest denne saken? 

Eller kanskje du har tips til noe annet jeg kan skrive om? 

Ta gjerne kontakt! 👇