Hopp til innhold

Nav-direktøren: – Det er grunn til å vera optimist

Nye tal frå Nav viser at arbeidsløysa i Rogaland har gått kraftig ned den siste månaden, men talet på langtidsledige er framleis høgt.

Truls Nordahl

Direktør i Nav i Rogaland, Truls Nordahl, er positivt overraska over talet på arbeidsledige i juni.

Foto: Ine Eftestøl/NRK

– Det har vore ein nedgang heilt frå nyttår av, men nedgangen har vore relativt svak, no ser me at den blir tydelegare, og det er veldig bra, seier Truls Nordahl, direktør i Nav Rogaland.

Ved utgangen av juni var 9 535 personar i Rogaland heilt arbeidslause. Det er ein nedgang på 16 prosent samanlikna med same månad i 2016. 2 309 personar var i eit arbeidsretta tiltak.

Det gir ei bruttoarbeidsløyse på 11 844 personar, tilsvarande 4,6 prosent av arbeidsstyrken, ein nedgang frå 5,0 prosent i mai.

Det utgjer 763 færre ledige på ein månad.

– Bedrifter begynner å sjå meir positivt på det, fleire får oppdrag, og det gir utslag i at fleire får arbeid. Oljerelaterte verksemder permitterer også svært få folk om dagen, og det er også positivt med tanke på å få ned arbeidsløysa, seier Nordahl.

Størst nedgang i bygg og anlegg

Arbeidsløysa går ned i dei aller fleste yrkesgruppene, men det er nokre næringar som skil seg ut.

– Me ser størst nedgang i arbeidsløysa i bygg og anlegg. Det er mykje aktivitet i bygg- og anlegg i vårt område om dagen, seier Nordahl.

I juni var 1210 registrerte som ledige i bygg og anlegg, det er ein nedgang på 32 prosent samanlikna med juni i fjor.

Framleis utfordringar

Men sjølv om fleire tal no peikar i rett retning, er det framleis mange som står utan jobb, og Rogaland har framleis den høgaste arbeidsløysa i landet.

I Nav er dei spesielt uroa over talet på langtidsledige. Nær 6000 av dei ledige har vore ledige i meir enn eit halvt år.

– Det positive er at det ikkje er ei auke i talet på langtidsledige, men det er utan tvil slik at sjølv om arbeidsløysa går ned, så er utfordringa at me har mange langtidsledige.

I tillegg er det også mange unge som står utan jobb.

Grunn til å vera optimist

Likevel er Nav-direktøren positivt overraska over tala som kom i dag.

– Fallet som kom denne månaden var nok litt sterkare enn det me hadde trudd, og det gir oss kanskje grunn til å sjå endå meir positivt på det enn me har gjort tidlegare, seier Nordahl.

Er det grunn til å vera optimist?

– Eg syns det er grunn til å vera optimist. Det er ikkje det same som at alle utfordringar er løyst, men no er i alle fall retninga på det veldig god.