Hopp til innhold

50 barn innlagde med influensa denne sesongen – oppmodar fleire til å ta vaksine

80.000 barn som tilhøyrer risikogruppene blir anbefalt å ta influensavaksinen. FHI sitt mål er at 75 prosent blir vaksinerte. Men berre 7 prosent har blitt det.

Ruth Midtgarden, smittevernoverlege i Stavanger

Ruth Midtgarden, smittevernoverlege i Stavanger, med ei dose influensavaksine. Den skulle ho ønske at fleire barn hadde tatt i år.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Det er jo trist at vi som foreldre ikkje har oppdaga det, for det er urovekkande for dei barna som blir innlagde, seier Ruth Midtgarden, smittevernoverlege i Stavanger.

Berre på Stavanger universitetssjukehus (SUS) har over 50 barn blitt innlagt med influensa så langt denne sesongen.

Ifølgje FHI (ekstern lenke) er det om lag 500 sjukehusinnleggingar på grunn av influensa blant barn kvart år.

Bjørn Barstad, seksjonsoverlege ved barneavdelingen på SUS.

Seksjonsoverlege Bjørn Barstad har tatt i mot fleire barn med influensaplager.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Barn som blir alvorleg sjuke av influensa og må leggast inn på sjukehuset kjem inn på denne avdelinga her, seier Bjørn Barstad, seksjonsoverlege på barneavdelinga ved Stavanger universitetssjukehus (SUS).

For dei yngste blant oss kan bli såpass sjuke av influensavirus at det til slutt ender med sjukehusinnlegging.

– Dei har vore sjuke såpass lenge at dei begynner å miste appetitten, dei får ikkje i seg drikke og av og til treng dei litt intravenøs væske. Nokre blir tunge i pusten og treng litt oksygen, og nokre gonger meir omfattande pustestøtte, fortel Barstad.

FHI vil vaksinere fleire barn

Kjersti Rydland er leiar for influensavaksinasjonsprogrammet hos Folkehelseinstituttet (FHI). Dei har eit mål om at 75 prosent av barna i risikogruppa skal ta vaksinen.

Kjersti Rydland, seniorrådgiver i FHI

Kjersti Rydland, seniorrådgivar i FHI.

Foto: FHI

– Det er om lag fem gonger høgare risiko for eit barn i risikogruppa å bli lagt inn på sjukehus med influensa, seier Rydland.

Influensavaksine for denne sesongen har vore tilgjengeleg lenge, men blant dei 80.000 barna i risikogruppene er det berre 7,3 prosent som har tatt han.

Dette trass i gjeldande tilrådingar.

Vi mistenker at det er mange foreldre som ikkje veit at barna deira bør ha influensavaksine. Og at helsepersonell som behandlar barn, ikkje gir anbefalingar om dette i stor nok grad, seier ho.

Risikogruppa inkluderer barn med lungesjukdom, lever- og nyresvikt, diabetes, nevrologiske sjukdommar og fedme. Også barn med astma bør ta vaksinen.

Behøver ikkje sprøyte

Smittevernoverlege Ruth Midtgarden meiner at er urovekkande at denne informasjonen ikkje når fleire. Fleire bør kontakte fastlegen for å finne ut om deira barn bør ta vaksinen.

Ho meiner auka vaksinering vil betre tryggleiken til barna, og samtidig avlaste helsesektoren.

– Blant dei som er vaksinert, er det vesentleg færre som blir alvorleg sjuke, seier ho.

Ei influensavaksine står på eit bord. Bak ser vi den raude, kvite og blå øskja vaksina kom i. Sprøyta er lita og står rett opp og ned på bordet.

Ei tradisjonell vaksinesprøyte.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Som forelder er det ikkje alltid like freistande å ta med barn til legen for å gi dei ei sprøyte.

Ein spesialutvikla nasespray som gir ei fullgod vaksinering er nå tilgjengeleg for dei som ønsker det. Nasesprayen skal gjera det lettare å gi barn vaksine, heilt utan det skumle sprøytestikket.

Og sjølv om influensasesongen er godt i gang, er det ikkje for seint å be fastlegen om ein dose.

– Nå har vi hatt ei god del influensa, men erfaringsmessig så kan det komme i fleire bølger med nye virusmutasjonar, så det er absolutt ikkje for seint, seier Midtgarden.

Les også Derfor slipper noen unna – mens andre blir smittet og syke

Raymond Dokmo.