Hopp til innhold

Mutasjon påvist i Stavanger: – Dette måtte vi nesten regne med

STAVANGER (NRK): Eit tilfelle av det engelske muterte viruset er påvist i Stavanger. Ordførar Kari Nessa Nordtun meiner kommunen har kontroll på situasjonen.

Kari Nessa Nordtun (Ap), ordfører i Stavanger

Ordførar i Stavanger Kari Nessa Nordtun (Ap).

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Ein mann er smitta av den engelske mutasjonen i Stavanger. Personen skal ha blitt smitta i Oslo, melder Stavanger Aftenblad.

Smittevernoverlege Runar Johannessen opplyser til NRK at alle nærkontaktar er testa, og alle har testa negativt.

Personen fekk påvist koronaviruset førre veke. Laurdag fekk kommunen beskjed om at personen var smitta av den engelske mutasjonen.

Dette er det første tilfellet av denne varianten av viruset i Stavanger sidan desember. Den engelske mutasjonen er også tidlegare påvist i Sandnes.

– Ikkje eit utbrot

Smittevernlege Runar Johannessen seier at dette er snakk om eit tilfelle, og ikkje om eit utbrot.

Han seier at dei ser alvorleg på situasjonen, men meiner at dei har kontroll på smitten.

Smittevernoverlege Runar Johannessen, Stavanger

Smittevernoverlege Runar Johannessen.

Foto: Frida Ripland Moberg / NRK

– Kvifor trur de ikkje at smitten har spreidd seg?

– Me kan ikkje utelukke det 100 prosent, men me har kontroll på nærkontaktar. Alle nærkontaktar er testa negativt, seier smittevernoverlegen.

– Ikkje overraska

Ordførar Kari Nessa Nordtun er ikkje overraska over at det nå også er funne eit mutert virus i Stavanger.

– Dette måtte vi nesten regne med når den engelske mutasjonen både er i Bergen og Haugesund, seier Nordtun.

Kommunen vil ikkje innføre ekstra tiltak som følgje av dette.

Mutert virus i Haugesund

Lengre nord i Rogaland, i Haugesund, er det påvist tilfelle av den engelske mutasjonen.

Fredag blei det påvist mutasjonsvirus hos ein arbeidar på verftet til Aibel i Haugesund. Mange nye testar blei tatt i helga, og sundag kunne leiinga bekrefta at fire nye tilsette på verftet er smitta av koronaviruset.

Desse prøvane har blitt sende inn til analyse, men det er framleis uvisst om dei er av den muterte varianten.

Haugesund kommune og Aibel skal testa alle arbeidarane på prosjektet på Risøy, der mannen som fekk påvist sen engelske varianten av koronaviruset jobba.

Smittekjelda til mutasjonsviruset er framleis ukjent. Men det blir jobba for å finna ut kor arbeidaren blei smitta.

Flere nyheter fra Rogaland