Hopp til innhold

Emma ville berre på visning – blei svindla for 40.000

Via nettstaden hybel.no blei Emma Monsen invitert på ei visning ho måtte bruke BankID for å få vere med på. Dagen etter var alle sparepengane borte. Svindlarane er eit hestehovud framfor, seier banken.

Emma Monsen

Emma Monsen har mista over 40.000 kroner, men vil likevel stå fram med historia si. – Eg trur kven som helst kunne blitt svindla der, seier ho.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Eg føler at eg er med i ein krimserie. Eg hadde aldri trudd at noko slikt kunne skje, seier Emma Monsen.

Til hausten skal den 23 år gamle studenten frå Sandnes studere i Oslo. Så Monsen jakta sjølvsagt bustad. Via nettstaden hybel.no fann ho eit fint rom i eit kollektiv, og utleigaren inviterte henne på visning.

I samband med visninga fekk Monsen ei lenke på SMS som ho måtte bruke BankID for å logge seg inn på. Dette reagerte ho ikkje på, for BankID er ein vanleg identifiseringsmetode på nettstaden.

Bank: – Ei stor gåte for oss

Men då ho dagen etter sjekka nettbanken, såg ho sparekontoen. Saldoen var langt lågare enn forventa. Nær 42.000 kroner var borte. Pengar Monsen ikkje hadde tatt ut.

Fortvila ringde Monsen banken, som først dagen etter kunne gi henne ei forklaring. Pengane var overført til ein annan konto. Så hadde nokon tatt dei ut som kontantar.

Thor Christian Haugland

Thor Christian Haugland i SR-Bank.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Vi jobbar kvar einaste dag for å vere eit hestehovud framfor svindlarane, men akkurat i dette tilfellet verker det som dei er eit hestehovud framfor oss, seier Thor Christian Haugland, konserndirektør for kommunikasjon og berekraft i SpareBank1 SR-bank.

Berre det siste døgnet har han fått kjennskap til tre svindlar lik den Monsen har opplevd. Nokon har mista alle sparepengane sine. Ein så mykje som 60.000.

– Det er så profesjonelt. Utan at kunden har oppgitt kva bank dei har, greier svindlarane å finne det ut. Det er ein stor gåte for oss korleis dei greier det. I løpet av sekund blir kontoane tømde, seier han.

Bør bli meld til politiet

Monsen har fått beskjed om at pengane er tapt. Heller ikkje Haugland kan love henne eller andre svindelutsette pengane igjen, men seier dei vil gjerne det dei kan for å vurdere kvar sak for seg.

Samtale mellom Emma Monsen og "utleier"

Samtalen mellom Monsen og utleigaren. Namn og bilete er sladda fordi profilen også kan vere utsett for svindel. Kvinna som eig han trenger ikkje å ha noko med svindelen å gjere. Åtvaringa nedst (i raudt) har kome etter at svindelen var eit faktum.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Han ber alle om å vere varsame når dei får SMS-ar som ber om BankID. Når det kjem til dei som har hamna og skulle hamne i same situasjon som Monsen, oppmodar han folk om å melde frå. Han trur nemleg at fleire enn han har høyrd om, har opplevd dette, men er flaue og ikkje våger seie frå.

Og slik svindel bør politiet få melding om, meiner han.

– Ikkje ver redd for å melde inn til politiet. Du er ikkje åleine. Og jo fleire som meldar inn, jo større sannsyn er det for å stoppe dei som driver svindlinga.

Tidlegare denne veka skreiv NRK om studentar som leigar bustadar usette. Dette rår Forbrukarrådet frå, og Haugland seier han også har sett svindelmetodar rundt dette.

Krevjande, ifølgje nettstad

Dagleg leiar i hybel.no, Christian Rasmussen, synest det er ein trist situasjon. Frekvensen av slik svindel har dessutan auka inneverande sesong.

– Sikkerheit er høgt prioritert på Hybel, då vi ønsker å vere ein trygg kanal både for utleigar og leigetakar. Dessverre er det slik at svindlarane stadig kjem opp med nye måtar å svindle på, og derfor er dette krevjande, seier han til NRK.

Så snart hybel.no oppdagar slike svindelforsøk, får alle som har vore i kontakt med svindlaren beskjed. Brukarkontoen til svindlaren blir også stengd, og Google og Microsoft sine phishing-register får meldingar.

Tips til leietakere fra hybel.no
Foto: skjermdump / hybel.no

Alle som søker etter bustad blir dessutan varsla om svindelforma.

– Vi synest det er veldig beklageleg at dette skjer, og søker alltid å hjelpe politiet så godt vi kan i etterforskinga. Vi ber også dei som har blitt svindla om å kontakte banken sin umiddelbart, då vi har erfaring med at bankane i nokre tilfelle klarer å få ført tilbake beløpet, seier han.

– Kunne skjedd kven som helst

Emma Monsen har funne seg ein annan hybel etter svindelen, som skjedde for nokre få veker sidan. Ho er framleis lamslått over korleis nokon kunne greie å tømme sparekontoen hennar.

– Dei må ha greidd å finne ut kva for bank eg har på nokre sekund, seier Monsen.

Emma Monsen

Emma Monsen blei svindla for meir enn 40.000 då ho jakta bustad i Oslo. Bustad har ho funne, men pengane får ho truleg aldri tilbake.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Ho står fram med historia for å åtvare andre. For det var ingen ting som lukta svindel då ho fekk SMS.

– Dette såg ekte ut. Utleigaren stod fram som ei hyggeleg jente og hadde skrive ein fin tekst. Eg trur kven som helst kunne blitt svindla der, seier ho.

Torgeir Ekeli i Sør-Vest politidistrikt seier dei har fått to politimeldingar den siste veka. Sakene blir etterforska, førebels gjennom å sikre dokumentasjon og avhøyre dei som har blitt svindla.

– Det er mykje kreativitet i samband med slike brotsverk, så det endrar seg heile tida, seier han om svindelen.