Hopp til innhold

Andreas vart utestengt frå russegruppa – Emma vart redninga

Fleire russ må delta på «prøvefestar» for å bevise at dei er kule nok til å bli med i russegrupper. Emma Ingebrigtsen (18) tar eit eiget grep for å inkludere alle i russetida.

Emma Ingebrigtsen og Andreas Døske

FEKK AVSLAG: For Andreas Døske var det vondt å få avslag frå ei russegruppe. Men nå kan han heller vere med i Emma Ingebrigtsen si nye, inkluderande gruppe.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Våren er i anmarsj, og for tredjeklassingane på landets vidaregåande skular betyr det at også russetida nærmar seg.

Ei gøyal tid for nokon, men ikkje for alle.

Det vil Emma Ingebrigtsen (18) gjere noko med.

– Det er eit stort problem, det er mange som kjenner på det å ikkje bli inkludert, seier Ingebrigtsen som nå har hengt opp lappar på skulen til dei som ikkje har russegruppe.

Det var Haugesunds Avis som først omtalte saka.

Emma Ingebrigtsen ønskjer å skape ei god russetid for absolutt alle

Emma Ingebrigtsen seier ho har fått mange gode tilbakemeldingar på stuntet sitt ved Haugesund Toppidrettsgymnas. Det meiner ho viser kor viktig inkluderinga er.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Sårt og vondt og få avslag

Og det skal godt gjerast for å ikkje leggje merke til desse lappane. Dei heng mellom anna på doane, ved vassautomaten og i kantina. Der blir alle invitert til å bli med i Ingebrigtsen si russegruppe.

– Det var fordi eg såg at det var så mange som var utanfor, seier ho.

For det er ikkje gitt at kven som helst får bli med i ei russegruppe, som gjerne har eigne namn, logoar og klede. Det har Andreas Døske fått kjent på.

– Eg har spurt om å få bli med i ei gruppe, men fekk eit nei fordi det var for fullt. Men så såg eg etter nokre veker at andre fekk bli med. Det er utruleg sårt og vondt, seier han.

Sjå tv-saka om Ingebrigtsen si russegruppe.

Han trur at det å få avslag mellom anna kan handle om at ein ikkje har status, at ein må drikke alkohol, og omgåst dei «rette» folka.

– Og så trur eg det har litt med at alle er så usikre på å vere med i ei gruppe, at ein gløymer litt dei som står utanfor så lenge dei er sikra sjølv.

Må gjennom «prøvefestar»

Ingebrigtsen seier ho veit om såkalla «prøvefestar» som folk kan måtta gå gjennom.

Emma Ingebrigtsen og Alexandra Skogen

Det er kjipt å få beskjed om at ein ikkje er kul nok til å vere med i ei russegruppe, synest Emma Ingebrigtsen og Alexandra Skogen.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Då får du ein kveld for å bevise at du er kul nok til å vere med. Men det er fleire som har fått eit nei etter det òg.

Alexandra Skogen er med i ei russegruppe nå, men var uroa for å måtta vere åleine.

– Då eg ikkje vart spurt om å bli med i noko russegruppe vart eg fysisk lei meg. Då tenkte eg at om eg ikkje får ei gruppe så er det heilt krise, seier Skogen.

Til nå er det rett over 30 elevar som har meldt interesse for å bli med i russegruppa til Emma Ingebrigtsen.

– Det blir aldri fullt, for det er det mange som unnskyldar med. Om så 100 ønskjer å vere med, så fiksar me det på ein eller annan måte, seier ho.