NRK Meny
Normal

Blei ufrivillig midtpunkt i Ap-striden

Arbeiderpartiet i Stavanger sitt ekstraordinære medlemsmøte byrja ein time forseinka på grunn av stor pågang. Det heitaste diskusjonsemnet blei kor vidt Ayan Jama kunne få politisk verv eller ikkje.

Ayan A. M. Jama

DEBATT RUNDT JAMA: Første punktet i medlemsmøtet gjekk på om Ayan Jama kunne få politisk verv sjølv om ho ikkje betalte medlemskontingenten i tide. 40 medlemmar var mot dette medan 95 var for.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Både gamle og unge møtte opp på medlemsmøtet til Stavanger Ap der alle verv skulle fordelast.

Lokalpartiet er råka av indre strid og det var derfor knytt stor spenning til møtet (sjå faktaboks).

«Ta hverandre i handa, og hold»

Førre gong verva i partiet skulle fordelast blei resultatet annullert på grunn av mange som stemte ikkje hadde stemmerett. Dessutan hadde ikkje Ayan Jama, som blei stemt inn til eit politisk verv, betalt kontingent i tide.

I dag blei medlemskortet til alle sjekka før dei slapp inn i festsalen i Folkets Hus. For å ha stemmerett må kontingenten vera betalt, og du må ha vore medlem i meir enn ein månad.

137 medlemmar med stemmerett sit i salen når møtet byrja klokka 19.00. Møtet opnar med songen «Ta kvarandre i hande, og hold», kanskje ingen dum idé med tanke på striden partiet er råka av.

Debatt om Jama

Møtet opna med debatt om Ayan Jama kunne bli stemt på denne gongen, trass i kontingentproblemet, men ut frå menneskjelege omsyn.

Jama fekk støtte frå mellom anna stortingsrepresentant Tore Nordtun og fylkesleiar Frode Berge. Andre medlem uttrykker at dette vil vera i mot partiet sine vedtekter, og at Ayan Jama derfor ikkje bør kunna bli stemt på.

Spørsmålet gjekk til skriftleg votering, der blei det avgjort at Jama kan få politiske verv i Stavanger Ap. 95 støtta dette, medan 40 gjekk mot forslaget.

– Eg er glad for støtta eg har fått, men det er ikkje kjekt å vera temaet i debatten. Eg forstår likevel at medlemmane må få sei meininga si, sa Jama i pausen til NRK.no.

Ho ville svært gjerne ha tredjeplassen i kommunalstyret for byutvikling, og ho sa til forsamlinga at ho skal jobba knallhardt dei neste fire åra.

Etter endeleg avstemming blei Jama likevel ikkje valt. Anne Toril Lura fekk tredjeplassen i kommunalstyret for byutvikling.

Bjelland og Karlsen

GOD TONE: Det var ein god tone mellom Cecilie Bjelland og Hilde Karlsen då dei kom til medlemsmøtet til Arbeidarpartiet i Stavanger sundag kveld. Dei to representerer likevel kvar si side i den interne striden som nå rår i partiet.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK