NRK Meny
Normal

– Alvorleg dersom Ap er splitta

Ap i Stavanger er splitta, meiner fleire i partiet. – Alvorleg, seier Ap-ringreven Lars Anders Myhre.

Video AP splittet i Stavanger

Fleire meiner Ap i Stavanger er splitta. Her frå partiet sin pressekonferanse tysdag.

Stavanger Aftenblad og Rogalands Avis skriv tysdag om eit splitta Arbeidarparti i Stavanger.

Avisene skriv om opne konfliktar, isfrontar og at bystyregruppa og partileiinga står steilt mot kvarandre.

Fleire i partiet meiner det er ei openbar konflikt mellom leiaren i bystyregruppa Cecilie Bjelland og partileiar Ståle Johan Knutsen.

– Legg opp til konfliktar

Den politiske ringreven Lars Anders Myhre, som sit i bystyregruppa til Ap, likar lite det som skjer i partiet.

– Dersom avisene har rett i at partiet er splitta, er det alvorleg. Etter mi meining legg ein opp til konfliktar når bystyregruppa og partiorganisasjonen har forskjellig leiing, seier han til NRK.

Fleire sentrale partiveteranar NRK har snakka med hevdar Bjelland nærast behandlar partileiinga som ein fraksjon i partiet.

Reint politisk er det ikkje så stor usemje i partiet. Det er snarare personkjemien som ikkje stemmer. Den todelte leiinga fører også til problem, ifølgje fleire.

(Artikkelen held fram under bilde).

Bjelland på pressekonferanse

På ein pressekonferansen tysdag svarte Stavanger Ap på spørsmål om det fleire meiner er eit splitta parti.

Foto: Ole Andreas Bø

Avviser personstrid

Men at det er personstrid i partiet blir avvist av Bjelland sjølv.

– Eg opplever at alle i partiet dreg mot same mål. Og det er nettopp det me skal jobba med nå. Ut over det ønskjer eg ikkje å kommentera saka, seier ho til NRK.