NRK Meny
Normal

– Viktig å ordna opp i konflikta

Den interne striden i Arbeiderpartiet i Stavanger har blitt så stor at partisekretær Raymond Johansen er sendt for å ordna opp. Ap-veteran i Stavanger, Olav T. Laake, meiner dette er ei fallitterklæring for lokalpartiet.

Raymond Johansen

REISER TIL STAVANGER: Det er full strid mellom leiinga i bystyregruppa og partileiinga i Stavanger Ap. Saka er så alvorleg at partisekretæren nå blir sendt for å ordna opp.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Olav T. Laake

MISNØGD: Olav T. Laake har vore ein del av Arbeidarpartiet i Stavanger i 55 år. Han er svært skuffa over striden innad i partiet.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– At Arbeidarpartiet i Stavanger må ha hjelp av den sentrale partileiinga for ordna opp tar eg som ein fallitterklæring, seier Olav T. Laake som har lang fartstid i partiet, og har vore ordførarkandidat fleire gonger.

Han snakkar om striden som nå går føre seg mellom leiinga i bystyregruppa og partileiinga i Stavanger Ap.

Reint politisk er det ikkje så stor usemje i partiet. Det er snarare personkjemien som ikkje stemmer. Den todelte leiinga fører også til problem, ifølgje fleire i partiet NRK har snakka med.

Likevel skal eit av dei konkrete problema vera at bystyregruppa med ordførarkandidat Cecilie Bjelland i spissen ønskjer seg i opposisjon, eit ønskje partileiar Ståle Johan Knutsen ikkje delar.

(Saka held fram etter bilete)

Bjelland på pressekonferanse

STEILE FRONTAR: Til venstre sit Arnt H. Steinbakk etterfølgt av Cecilie Bjelland, dei to er ikkje vera på bølgjelengd med partileiaren til høgre Ståle Johan Knutsen.

Foto: Ole Andreas Bø

Hjelp frå Oslo

Derfor har partisekretæren Raymond Johansen blitt bedd om å koma for å mekla, noko han seier han vil gjera:

– Sjølvsagt skal eg koma, så får me sjå kva eg kan bidra med. Eg kjenner meg trygg på at Stavanger Ap klarar å løyse det aller meste sjølv, men om eg kan bidra er det berre fint, seier Johansen til NRK.no.

Han meiner at konflikten er uheldig for partiet og det derfor er viktig å løysa ho så fort som råd.

Det er derfor Ap har varsla at dei på sundag vil halda eit medlemsmøte i lokala sine i oljebyen. Her vil det bli forsøkt å koma fram til ei løysning.

Fleire av Ap sine trufaste veljarar i byen er nå utolmodige og likar konflikten svært dårleg (Sjå video lenger nede i saka)

Me øydelegg for oss sjølv

– Fleire av våre politiske motstandarar har kome til meg å sagt at dei kan sitja musestille å sjå på at dei sjølv øydelegg Arbeidarpartiet, seier Laake.

Han er svært skuffa over striden i partiet som han har vore ein del av i 55 år.

– Det er ille for å ikkje bruka sterkare uttrykk, dei einaste som har glede av dette er våre politiske motstandarar, seier han.

VIDEO: Veljarane er skuffa

Video Strid i Stavanger Arbeiderparti

VIDEO: Arbeidaran på Rosenberg i Stavanger er ikkje nøgde med Ap-striden.