Hopp til innhold

Eitt av verdas verste ugras oppdaga i Sola

Hønsehirse er vanskeleg å bli kvitt, og kan øydeleggja avlingar. No har ugraset for fyrste gong blitt oppdaga i Rogaland.

Hønsehirsen

Denne hønsehirsen blei funnen i Sola. No skal den brennast for å unngå vidare spreiing av frø.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Det er skremmande at det no har kome hit, seier seniorrådgjevar i Norsk landbruksrådgiving i Rogaland, Arne Vagle.

Då han var på besøk hos ein bonde i Sola for nokre veker sidan, blei han gjort merksam på ein type ugras som bonden ikkje hadde sett før.

Arne Vagle

Arne Vagle er seniorrådgjevar i Norsk landbruksrådgiving i Rogaland.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Vagle fatta mistanke, og sende bilete og prøvar av planten til Universitetet i Ås. Der blei det bekrefta at det var hønsehirse.

– Det er ein type ugras som me absolutt ikkje vil ha, det blir rekna for å vera det tredje verste ugraset i verda, seier Vagle.

Fleire tusen frø

Ein av årsakene til det er at planten har svært mange frø. Difor kan den spreia seg raskt.

– Ein plante har vanlegvis mellom 1500–2000 frø. Men me har også registrert plantar med 20.000 frø her i Norge.

I tillegg veks ugraset på ei anna tid enn anna ugras. Difor må ein sprøyta fleire gonger i løpet av sesongen.

Ugraset likar seg godt i kulturlandskap, og det er spesielt potet- og kornåkrane som er utsette.

– Det kan heilt klart påverka avlingane. Den konkurrera med dei andre plantane du vil ha, seier Vagle.

Hønsehirse

Slik ser hønsehirsen ut. Norsk landbruksrådgiving ber bønder om å undersøka om ugraset finst på deira eigedommar.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Eit veksande problem

Hønsehirse er ein tropisk plante som ikkje høyrer til i den norske faunaen. Men ugraset har slått rot fleire stadar i landet dei siste åra.

– Det har blitt eit kjempeproblem på Austlandet spesielt. Langs Oslofjorden i Vestfold og i Østfold så er det no eit stort problem. Dei har prøvd å sette inn ekstra tiltak, men dessverre har det spreidd seg, seier Vagle.

Det er ikkje kjent kvifor denne planten no har kome til Rogaland. Men Vagle fortel at smitten høgst truleg kjem frå importerte frø eller korn.

– Det kan vera gulrotfrø, eller fuglefrø. Det er vanskeleg å seia, men me veit at det kjem frå importerte ting frå utlandet, fordi denne planten høyrer ikkje til her.

Langeland viser bilder av hønsehirse, stillfoto av åker med hønsehirse, Langeland holder korn, prater med reporter

VIDEO: TV-innslag om hønsehirse frå mai 2015.

Skal undersøka omfanget

No skal Vagle og kollegaene hans undersøka om planten har spreidd seg til fleire stadar i fylket.

– Me skal i løpet av hausten ta jordprøvar hos om lag 350 bønder i fylket.

Trur du at de vil finna dette fleire stadar?

– Eg trur nok dessverre det, eg trur ikkje dette er eit enkelttilfelle. Me har berre ikkje vore så bevisste på det fram til no.

Norsk landbruksrådgiving ber også bønder om å sjå etter ugraset på deira eigedommar. Og om dei skulle finna det, er beskjeden klar.

– Luk det vekk, og brenn det, avsluttar Vagle.