Hopp til innhold

Dømt til fengsel etter sjølvmordsforsøk

19-åringen, som med vilje frontkolliderte med taxisjåfør Torolv Obrestad (68) og passasjer Raimond Bårdsen (28), er dømt til fem og eit halvt års fengsel.

Torolv Obrestad i Jæren tingrett til venstre for han sitter Raimond Bårdsen

Torolv Obrestad sit framleis i rullestol etter kollisjonen, medan Raimond Bårdsen (på venstre side av Torolv) framleis slit psykisk med kollisjonen som skjedde 13. november 2018.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Eg synest at straffa er for høg, seier forsvarar, Vegard Bråstein.

Den 19 år gamle klienten hans er dømt til fengsel i fem og eit halvt år etter at han køyrde inn i ein taxi på Jærveien i Sandnes for eit drygt år sidan.

I retten forklarte han at han krasja inn i taxien med vilje, for å ta sitt eige liv. Statsadvokaten tok ut tiltale på drapsforsøk, men retten har ikkje dømt han for dette.

Han er dømt for grov kroppsskade, som også var eit av tiltalepunkta. Likevel ligg straffa tett opp til statsadvokaten sin påstand på seks år.

– At han er frifunnen for drapsforsøk er me nøgde med. Me tar stilling til ankespørsmålet seinare, seier Bråstein.

Tilfeldige offer

Det var taxisjåfør Torolv Obrestad og passasjer Raimond Bårdsen som blei tilfeldige offer for sjølvmordsforsøket.

19-åringen er dømt til å betala oppreisingserstatning til dei på til saman 300.000 kroner, og han er frådømt retten til å føra motorvogn for alltid.

Den domfelte, som var 18 år då det skjedde, køyrde med høg fart inn i fronten på taxien som kom imot. I rettssaka forklarte han at han ikkje tenkte over konsekvensane det kunne få for andre.

Torolv Obrestad blei livstrugande skadd, han hamna i koma og sit nå i rullestol. Han har mista mykje av minnet sitt.

Raimond Bårdsen kom frå det med mindre fysiske skadar, men slit med minna frå det som skjedde. Han hugsar alt.

– Eg er skuffa over at dei minimerte erstatninga så mykje, og håpe han får vidare hjelp framover. Det er jo synd på guten som har ødlagt så mykje for seg sjølv og andre, seier Bårdsen.

Tilgitt

19-åringen kom i retten med ei unnskyldning til dei to mennene han køyrde på.

– Eg kjem aldri til å kunne tilgi meg sjølv for det eg gjorde. Og eg ventar ikkje at de skal gjera det heller. Eg er sykt lei meg for at det gjekk utover dykk.

Etter rettsmøtet bad Torolv om å få lov å snakka med tiltalte ute på gangen i lokala til Jæren tingrett. Der tok han imot unnskyldninga til tiltalte, og sa at han tilgav han. Dei gav kvarandre ein klem.

– Eg er ein som tilgir. Eg forstår at folk kan gå gjennom tøffe ting her i livet, sa han til NRK.