Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- LYD: Digitale problemer Kåsør Egil Johan Ree (2:51, 16kbps)
Den nye dekoderen er på plass i huset, levert på døra av UPC, selskapet som eig store delar av fjernsynskablane her i landet. Framleis ligg den svarte boksen i pappøskja, men datoen for oppkopling nærmar seg. Det nyttar ikkje å kopla om straks. Då får du ingenting på skjermen. Men ei natt i neste veke må dekoderen vera kopla til, elles kan du gløyma både Dagsrevyen og OL i Salt Lake City, om vi har forstått det rett.
Det har vi truleg ikkje, for det er ikkje så mykje vi forstår av den slags. Men så pass har vi fått med oss, at digitaliserast skal vi anten vi vil eller ikkje. Dei fleste av oss har vage idear om kva det tyder reint teknisk, men dei som driv med slikt har etter beste evne prøvd å få oss til å skjøna at digitalisering er tvingande naudsynt om vi skal få tilgang til all den velsigning som frå nå av skal strøyma gjennom kablane. Jamvel om vi strengt tatt ikkje har bruk for meir enn eit par-tre fjernsynskanalar.
Det ligg bruksrettleiing ved den nye dekoderen, så det er vel berre å setja i gang og lesa. Men vi som kan ha problem med bruksrettleiinga for ein enkel krakk frå Ikea, ser ikkje lyst på det vi skal til med i neste veke. Og betre i humør blir vi ikkje av å høyra om NRKs lokale teknologisjef, ein mann med over 30 års røynsle i teknisk kringkastingsarbeid. Denne røynde og teknisk kyndige mann skulle nyleg kopla seg til den digitale fjernsynsverda, men sat til slutt att utan NRK 1, NRK 2, TV 2, og TV Norge. Nå kan ein sjølvsagt greia seg lenge med BBC og CNN, men i lengda er det ikkje heilt det same. Teknologisjefen greide seg til slutt, for han kjenner folk i det lokale UPC og kunne oppsøkja dei i arbeidstida. Vi andre må ringja eit såkalla 800-nummer. Då må ein ha god tid og sans for moderne pausemusikk, for der er det sjeldan nokon som svarar, og om dei til slutt gjer det, så er det visst korkje trøyst eller rettleiing å henta frå ungdomane som tar telefonen.
Så nå sit vi her i vår gamle, analoge verd og gruar oss. Vi ser på tevlingane i OL så lenge det varer, for i neste veke er det slett ikkje sikkert at vi greier å kopla slik at signala frå Salt Lake City finn vegen gjennom den nye, digitale boksen. Og om dei skulle gjera det, så seier ekspertane at biletet på skjermen ikkje blir annleis enn det biletet vi har nå. Det er eit mas med denne tekniske utviklinga.