Fakta
Det er snakk om både kledelig brunfarge, økt sex-lyst, slank kropp og ren hud.
Vårt Land og kroppen
Det er den kristelege dagsavisa Vårt Land som i dag melder om pilla vi alle har venta på. Til vanleg er det dei åndeleg ting Vårt Land er mest opptatt av, men sidan teologiprofessor Jacob Jervell nå har avskaffa både sjela og helvete, er det kanskje ikkje så rart at journalistane i det kristelege bladet vender seg mot det meir lekamlege.
Idealmenneske
Det er sjølvsagt ikkje berre i Vårt Land dei er opptatt av kroppen. I alle slag samanhengar blir vi dagleg minte om kor viktig det er å syta for at vi er slanke og velforma, at vi har glatt hud og eit aktivt og harmonisk sex-liv. Reklamen byr oss tallause remedium som vi kan bruka for å gjera oss pene og attraktive, og visstnok brukar vi uhorveleg med pengar på å kjøpa oss piller og kremar og slikt som skal få oss til å likna på dei som til ei kvar tid blir rekna for idealmenneske.
Pilla som har det meste
Men nå kjem altså pilla som har det aller meste i seg. Farmasøytiske firma verda over skal visst nok vera i gang med å forska på stoffet som finst i den nye pilla. Tar du det nye medikamentet, får du vakker brunfarge utan å å sitja i sola. Apetitten blir redusert, ergo et du mindre og unngår å leggja på deg. Kvisene forsvinn slik at du får finare hud. Dessutan aukar sex-lysta, og det er bra for hjartesvake folk som ikkje kan styrkja seg med Viagra. Til alt overmål kan pilla vera eit godt middel for å unngå diabetes og ulike betennelsar.
Vedunderstoff
Det er, som vi skjønar, ei slag universalpille, - den ultimate livsstilpilla, som det står i Vårt Land. Ikkje det minste rart at farmasøytiske firma forskar på harde livet, for det må vera mykje pengar å henta for den som kjem først på marknaden med dette vedunderstoffet som etter det vi ser i avisa berre har den eine tvilsame biverknad at ein kan koma til å rødma av og til.
Mindre feitt og større sex-lyst
Her er såleis mykje å sjå fram til for den som måtte vera misnøgd med seg sjølv og kroppen sin og gjerne vil ha både vakker og brun hud, mindre feitt rundt livet og større sex-kapasitet - alt på ein gong. Vi gir ikkje så lett opp draumen om evig ungdom, og til alle tider har vi latt oss forføra av folk som tilbyr vedundermiksturar og universalpillar.
Barbie-pilla
Det einaste vi ikkje heilt skjønar er kvifor Vårt Land kallar medikamentet for "Barbie-pilla". Barbie-dokka er rett nok slank som ein strek, men noko meir usexy enn denne amerikanske leike-figuren kan vi vanskeleg tenkja oss.