Fakta
Brura vil takla morsrolla
Det gjeld om å ha planane klare for korleis ein skal koma seg gjennom denne veka. Førehandsstoffet kjem til å auka på i dagane fram til sjølve hendinga. Alle steinar kjem til å bli snudde, alle som har vore i nærleiken av paret dei siste åra kjem til å bli intervjua. Alt i dag kan vi lesa dei mest strålande skildringar som vener og kjende har gitt av det unge paret, kor blide og hyggelege og kjekke og lojale og bestemte, ærlege og frittalande dei er begge to. For ikkje å snakka om kor godt dei høver saman. Ei av dei næraste veninnene fortel i eit intervju med fjernsynet at ho har snakka med den komande brura om det å få barn, for barn vil dei gjerne ha, og veninna er sikker på at brura kjem til å takla morsrolla. Dette kan vi lesa om i avisa i dag jamvel om intervjuet ikkje skal sendast i fjernsynet før om to dagar, men som skikken er nå for tida, blir viktige opplysningar som måtte finnast i framtidige program offentleggjorde straks.
Det kan bli sol
Eit av dei avgjerande spørsmåla er veret. Korleis blir veret i Trondheim fredag? Kan Meteorologisk Institutt garantera godt ver? Kan Siri Kalvig lova sol? For ein gongs skuld er dei visst nokså samde. Det kan bli sol, men det kan også koma nokre regndropar på bruresløret. Litt kaldare kan det bli enn det er nå, men alt i alt er det Trondheim som får det beste veret i landet fredag, seier vervarslarane. Det er mest ikkje til å tru, men det står i avisa i dag.
Stress førar til vekttap
Den stakkars mannen som har ansvaret for at gjestene skal få mat og husly har tatt av sju kilo dei siste to vekene, fortel han. Om vi forstår han rett, må hotellstreiken ta det meste av skulda for vekttapet, men nå når den er over, får vi vona at han kjem til hektene att slik at alt er klart når kongelege og andre gjester skal innkvarterast og losast inn i teltet der middagen skal serverast. Porselenet og sølvtøyet kom i dag. Det har kongeskipet frakta oppover frå hovudstaden.
Sjefen sjøl er nå på plass
I dag kom og sjefen sjølv, som det står i avisa. Det er sjølvsagt dronninga det er snakk om. Nå skal ho ta kommandoen, står det, så då nyttar det nok ikkje å slurva med detaljane. Ho skal vera nokså nøye på det, har vi høyrt.
Ikkje alle blir heime
Den som måtte vera interessert, skal nok få høyra meir dei få dagane som er att til sjølve klimaks. Dei som ikkje er interesserte, må truleg slutta å lesa aviser, og vi har faktisk høyrt om folk som mumlar om å reisa bort eller ta seg ekstra økter i hagen. Det blir ei travel veke for alle.