Hopp til innhold

Dette er fylkestingsvalet i Rogaland

Dei siste seks åra er det Høgre, Frp og KrF som har hatt fleirtalet i fylkespolitikken i Rogaland. Nå prøver Ap å samle eit nytt fleirtal etter valet, men det ser vanskeleg ut etter at opposisjonsleiar dei siste fire åra, Tom Tvedt, ikkje stiller til nyval.

Valglogo

Dei vidaregåande skulane får dårlegare råd dei neste åra.

Fleirtalspartia Høgre, Frp og KrF har vedtatt at dei vidaregåande skulane i Rogaland må kutte 25 millionar kroner kvart år frå 2015 til 2017.

Arbeidarpartiet lovar at dei skal stryke dette kuttet for åra 2016 og 2017, dersom dei kjem til makta.

Det kan bli eit nytt politisk fleirtal i Fylkestinget.

Arbeidarpartiet i Rogaland har gjort det godt på dei lokale meiningsmålingane det siste året. Det betyr at dei kan koma i posisjon til å få fylkesordføraren etter valet til hausten.

Samstundes sluttar både Tom Tvedt, Ap og Ellen Solheim, KrF i fylkespolitikken. Dei har vore uvenner sidan KrF gjekk over frå å støtta Ap til å stemme saman med Høgre og Frp for seks år sidan. Nå er det klart for eit mogleg nytt samarbeid mellom dei to partia.

På andre sida stiller Ap med ferske Marianne Chesak, som fylkesordførarkandidat. Ho har ikkje vore med i fylkestinget tidlegare og kan gjera det vanskelegare for Ap å vinne fram, når verva skal fordelast etter at valet er klart.

Frp har ei jokerrolle i fylkespolitikken

Framstegspartiet i Rogaland har fylkesvaraordførar og er ein del av fleirtalet. Samstundes er dei for å leggje ned Rogaland fylkeskommune.

Frp er imot bompengar og stemmer mot oppretting av nye bompengeordningar i Rogaland. Samstundes er det Ketil Solvik-Olsen frå Frp, som er samferdselsminister og som foreslår at fylket skal gi sin støtte til etableringa av nye bompengeordningar.

Dei andre partia skuldar Frp i fylket for å drive dobbelkommunikasjon på dette punktet.

Bompengeproblematikken kjem til å slå inn i den nye perioden

Frå 1. januar 2017 kjem det til å koste 45 kroner å passere eit massivt oppsett av bomstasjonar over heile Nord-Jæren. Dei aller fleste av innbyggjarane kjem då til å betale mykje meir enn i dag for å køyre bil i området.

Samstundes kjem det då til å nærme seg oppstart av bygginga av Rogfast, den undersjøiske tunnelen mellom Randaberg og Bokn, med ei avkøyring til Kvitsøy. Prisen for kvar passering er foreløpig utrekna til å bli 335 kroner.

I løpet av perioden kjem den undersjøiske tunnelen Ryfast til å opna, som kostar 200 kroner kvar veg, og Jæren kjem truleg til å oppretta sin eigen bomring.

Det einaste partiet her i Rogaland, som går imot alt dette er Framstegspartiet. Det er dei mot resten av partia i slike saker og det kan også slå ut i fylkestingsvalet.

Rogalendingar vil køyra bil

Talet på dei som køyrer buss i fylket går ned, trass i at folketalet går opp. I 2021, tidlegast, opnar ein eigen bussveg mellom Stavanger og Sandnes, som skal gi kollektivtrafikken ein «boost», men det er lenge til.

Arbeidarpartiet går til val på at dei skal få til eit forsøk med gratis buss. Dei skal rett nok ikkje bruke pengar på det sjølv, men be om at staten betalar. Dei andre partia har overlatne jobben til eit profesjonelt styre i kollektivselskapet Kolumbus, som skal ordna opp i den svært lite hyggelege tendensen.

Det partiet som kan koma opp med eit truverdig alternativ, kan få ei god sak i valkampen.