Inne i eit lukka skap på Stavanger museum stod skjelettet etter drapsmannen Even Olsen Tagholdt. Skjelettet har blitt forska på, og det har også vore utstilt i museet.
Skjelettet av Even Olsen Tagholdt på Stavanger museum.
Foto: Erik Waage / NRKDet er mange slike skjelett i musea rundt om i Noreg. Nokre har kjent identitet, andre er funne så lang tid etter dødsfallet at ingen veit kven dei er.
– Felles for dei alle er at dei ikkje har nokon "heim", seier skjelettforskar, Sean Denham hos Stavanger museum.
Nye tankar
– Dei har aldri sagt ja til å bli forska på eller å bli stilt ut.
Det var denne tanken som byrja å uroa avdelingsdirektør Jørgen Rosvold. Og det var denne tanken som utvikla seg til handling denne våren.
Avdelingsdirektør Jørgen Rosvold i Stavanger museum (Must).
Foto: Erik Waage / NRKMuseet tok først kontakt med biskopen i Stavanger, som sa ja til at skjelettet til Even Olsen Tagholdt kunne leggjast i ei kiste og bli kremert.
– Då skjedde noko underleg. Han gjekk frå å vera eit museumsobjekt til å bli eit menneske, seier Rosvold.
Kom heim til slutt
Det neste steget var å høyre med heimkommunen, Lund i Rogaland. Der budde Tagholdt før han blei dømd for drapet på ein stavangermann.
Etter å ha tenkt seg om, kom ordførar og prest til same konklusjonen, at Tagholdt skulle gravleggjast og få ein gravplass på kyrkjegarden ved Moi.
Gravsteinen til Even Olsen Tagholdt ved kyrkja i Moi i Lund kommune i Rogaland.
Foto: Erik Waage / NRKFørste steg
– Det er kassevis med skjelett som ennå er plassert i lukka rom i museum rundt om i Noreg. Kanskje bør dei også bli gravlagde, undrar skjelettforskar Sean Denham.
Sean Denham tvilar på om særleg mange andre museumsskjelett kjem til å bli gravlagde.
– Ja, kjem det til å skje?
Denham tenkjer seg om. Han er ikkje i tvil om kva som er det mest verdige, men han ser likevel ikkje for seg at det er gjennomførbart.
– Dette var ei løysing for oss. Me hadde kapasitet til å gjera det, men enn så lenge blir dei nok verande i musea.