Hopp til innhold

Derfor hoppar me vidare etter dødsulukka

Fire timar etter dødsulukka i Kjerag var basehopparane i gong med nye hopp. – Det er vår måte å heidre den omkomne på, seier ein av hopparane.

Ein amerikanar døydde då fallskjermen hans ikkje opna seg, etter eit basehopp i Kjeragmassivet ved Lysebotn.

Geitaneset, der den omkomne basehopparen landa. Lysebotn ligg innerst i fjorden.

– Alle i dette miljøet blir påverka når det skjer eit dødsfall, og alle må leve med det på den måten dei synes er best, seier basehoppar Mark Rickard.

Han er amerikanar, slik den omkomne hopparen også er. Rickard har funne sin måte å takle det som har skjedd på. Han skal opp og hoppa igjen frå Kjerag, så fort som råd er.

Helikopter fraktar basehopparar til Kjerag igjen, fire timar etter dødsfallet

Helikopter fraktar basehopparar til Kjerag igjen, fire timar etter dødsfallet.

Foto: Kees Fjellvang / NRK

– Etter mi meining er det å dra opp og gjere nye hopp den beste måten å heidre den omkomne på, seier han.

– Men er du ikkje redd?

– Jo, eg blir redd, ingen tvil om det. Eg veit det kan skje med meg også, og derfor gjer eg alt eg kan for å redusere faren for uhell.

Ikkje første gong

– Eg var heldigvis ikkje der då det skjedde, men eg drog ut til landingsplassen etterpå og såg han der.

Dette seier Kim Stian Møller, som er med i arrangementgruppa til Heliboogie 2016 i Lysebotn denne helga.

Kim Stian Møller i arrangementstaben til Heliboggie 2016 i Lysebotn

- Det er rett å fortsetje hoppinga, meiner Kim Stian Møller i arrangementstaben til Heliboggie 2016 i Lysebotn.

Foto: Kees Fjellvang / NRK

– Kva gjorde det med deg?

– Eg har hoppa basehopp sidan 1996, så det er ikkje første gongen eg har opplevd dette her, seier Møller.

The show must go on

Møller meiner også det er rett å fortsetje helikopterfraktinga av hopparane frå Lysebotn til Kjeragplatået.

Geitaneset, landingsplassen ved Lysefjorden for basehopparane frå Kjerag

Geitaneset, landingsplassen ved Lysefjorden for basehopparane frå Kjerag.

Foto: Kees Fjellvang / NRK

– Det er folk frå heile verda her, som har kome for å hoppa. Dei fleste kjenner ikkje den omkomne.

Så sjølv om det som har skjedd legg ein dempar på resten av arrangementet, så kan me ikkje stoppa det, seier Kim Stian Møller.

Flere nyheter fra Rogaland