Hopp til innhold

Hoppinga i Kjerag er i gong igjen

Fire timar etter at ein basehoppar frå USA mista livet i Kjerag i Lysebotn, har helikopterskyssen starta på nytt.

Helikopter fraktar basehopparar til Kjerag igjen, fire timar etter dødsfallet

Helikopter fraktar basehopparar til Kjerag igjen, fire timar etter at ein hoppar frå USA omkom.

Foto: Kees Fjellvang / NRK

– Me skal ha eit informasjonsmøte, og dersom ikkje nokon av hopparane protesterar, så startar hoppinga opp igjen seinare i dag.

Det sa leiar i Stavanger baseklubb, Stein Edvardsen i 14.tida i dag. Då var det gått omlag ein time sidan ein basehoppar mista livet etter hopp frå Kjerag.

Klokka 17 i ettermiddag starta helikopterskyssinga av basehopparane opp på nytt.

Arrangementet går vidare

– Her er det basehopparar frå heile verda, så me kan ikkje stoppa helikopterskyssinga nå.

Det sa Kim Stian Møller, som er med i arrangørstaben i Lysebotn. Han seier at dødsfallet har lagt ein dempar på heilearrangementet.

– Men dødsfallet skuldast truleg menneskeleg svikt, seier Møller.

12. dødsfall i dag

Torsdag i denne veka skjedde basehopp nummer 50 000 frå Kjeragfjellet i Lysefjorden.

I løpet av dei mange åra sidan hoppinga starta opp på 1990-talet har 12 menneske mista livet.

Eit fallskjermdryss over Lysefjorden

Denne helga blir Heliboogie 2016 arrangert i Lysebotn og over 240 basehopparar frå mange land har meldt seg på.

I staden for å bruke omlag tre timar med taxi og til fots på kvar tur, har dei denne helga helikopterskyss.

Prisen er 600 kroner for kvar tur.