Hopp til innhold

Mista livet etter hopp frå Kjerag

Ein amerikansk statsborgar mista livet i ei basehoppulukke frå Kjerag i Lysefjorden i dag. Fallskjermen opna seg ikkje og hopparen gjekk rett i bakken.

Politibåten ved Geitaneset i Lysefjorden, der basehopparen omkom

Politibåten ved Geitaneset i Lysefjorden, der basehopparen omkom.

Foto: Kees Fjellvang / NRK

– Det var ein rutinert utanlandsk hoppar som fekk problem med fallskjermen, fortel Stein Edvardsen, som er leiar i Stavanger baseklubb.

Edvardsen fortel at hopparen fekk problem med utstyret i frittfalldelen av hoppet.

Basehopping

Den omkomne basehopparen hadde ein vengedrakt. (Arkivbilde)

Foto: Bjørnflaten, Thomas / SCANPIX

– Han flyg ein vengedrakt og drar i utløysarmekanismen til fallskjermen i vanleg høgde. Men skjermen foldar seg ikkje ut og han treff med hard kraft i bakken.

Hopparen omkom momentant, seier Edvardsen.

Politiet fekk beskjed om ulukka rett før klokka 13, laurdag ettermiddag.

Rutinert hoppar

Geitaneset, landingsplassen ved Lysefjorden for basehopparane frå Kjerag

Geitaneset, landingsplassen ved Lysefjorden for basehopparane frå Kjerag.

Foto: Kees Fjellvang / NRK

- Den omkomne er ein erfaren hoppar og ein vaksen mann. Det blir berre spekulasjonar å seie kva som har skjedd med utstyret hans, seier Edvardsen..

Det var godt vér og fine forhold for basehopping då ulukka skjedde.

I etterkant blei skadestaden sikra og folk tok seg av dei som kjente den omkomne. Seinare i dag blir det også halde eit informasjonsmøte for hopparane i Lysebotn.

Kjerag i Lysebotn

Denne helga blir Heliboogie 2016 arrangert i Lysebotn og over 240 basehopparar hadde meldt seg på..

- Resten av arrangementet er avlyst etter ulykken, sier operasjonsleder Kjetil Føyen i Sør-Vest politidistrikt til Stavanger Aftenblad.

På torsdag blei basehopp nummer 50 000 passert i Kjerag. Denne helga er det også ekstra mange hopparar på staden, fordi det er skaffe løyve til helikopterfrakt opp til Kjeragplatået.

Basehoppere på Kjerag

Kjerag på torsdag. Frå førebuing til basehoppinga denne helga.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Vanlegvis tar det omlag tre timar å koma seg frå fjorden og opp til hoppstaden.

– Det er klart dette gir ein veldig bismak til arrangementet me har.

– Me er prega av hendinga. Det er ikkje så mykje meir å seie, enn det, avsluttar Stein Edvardsen, leiar i Stavanger baseklubb.