Hopp til innhold

Denne anorakken blei ny igjen ved hjelp av ei gammal bukse

Klesindustrien er blant miljøverstingane og me kjøper stadig meir nytt. Men nå får i det minste turkleda ein sjanse til forlenga liv.

Leslie Austdal med sin redesigna anorakk

Leslie Austdal er godt fornøgd med sin redesigna anorakk.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Anorakken til Leslie Austdal er 40 år gammal, men like god.

Det er berre eit lite problem: Den er blitt litt for kort i ermane.

Mange ville nok kjøpt ny. Men denne anorakken fekk nytt liv – og blei litt lenger ved hjelp av ei bukse.

– Det blei kjempefint. Nå slepp eg å hive noko som eigentleg er fullt brukbart, seier Austdal.

Synlege reparasjonar

Austdal har fått hjelp av Turi Rudningen Galta, kjent frå Symesterskapet sesong 5. Der kom ho heilt til finalen.

Ho er prosjektleiar og står i spissen for ei satsing Den norske turistforeining (DNT) har starta med, nemleg å reparere gammalt turtøy med andre brukte plagg.

– Våre viktigaste verdiar er nullsvinn og at me berre bruker brukte ting i reparasjonane våre, seier Galta.

Men dei fleste av oss kjøper nytt.

I 2018 kjøpte norske hushaldningar nesten dobbelt så mykje klede som for tretti år sidan – men til omtrent til same pris, ifølge Framtiden i våre hender.

Klesindustrien er også blant verdas mest forureinande næringar. Til saman står klede og sko for 8 prosent av verdas CO₂-utslepp.

Utleige av klede blir løfta fram som ein miljøvinnar for klesbransjen. Meir reparasjon kan bli ei anna vinnaroppskrift.

Njål F. Vadla med en jakke redesignet ved hjelp av en gammel boblejakke og en genser han leverte til syverkstedet ReTuren.

Njål F. Vadla med ein jakke redesigna ved hjelp av ein gammal boblejakke og ein genser han leverte til syverkstaden ReTuren.

Foto: Stavanger Turistforening

Den raude tråden

Galta reparerer alt frå gamle nikkersar til dunjakker. Ei viktig del av oppgåva er å gjere reparasjonane synlege.

– Me er ikkje redd for det. Dei skal vere synlege fordi me skal inspirere vidare, seier Galta.

Nettopp på grunn av dette bruker dei raud tråd når dei syr.

– Det er ein del av konseptet vårt at reparasjonane skal vere synlege når folk går ut på tur igjen, slik at dei kan inspirere andre til å reparere, seier Galta.

Den raude tråden har også med seg omsorg.

– Det er omsorg for kloden, plagget og kundane. Me er meir enn berre ein syverkstad, seier ho.

Symesterskapet

Turi Rudnignen Galta er blant dei som driv syverkstaden ved DNT Stavanger.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Må redusere fotavtrykket

Stavanger er den første DNT-avdelinga som har syverkstad.

– Men me håpar det spreier seg til andre foreiningar. Det er eit ledd i DNT sin berekraftstrategi, seier leiar for tursenteret hos Stavanger DNT, Kaja Storaker.

Framtiden i våre hender applauderer klestiltaket frå DNT.

– Dette høyrest ut som eit fantastisk prosjekt, særleg dersom det blir landsdekkande, seier leiar Anja Bakken Riise.

Anja Bakken Riise

Leiar i Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise.

Foto: Terese Samuelsen

Ho seier dei mest berekraftige kleda er dei me alt har på oss eller dei i klesskapet, og at det enkle friluftslivet har forvandla seg til eit utstyrsjag for mange.

– Eg har ein anorakk eg kjøpte for over ti år sidan. Fleire gonger har eg vurdert å kjøpe ny. Heldigvis har eg enda opp med å byta glidelåsen og sy på saumane, seier Riise.

Gründer Ingrid Vik Lysne meiner redesign av turklede er «fantastisk».

Ingrid Vik Lysne

Ingrid Vik Lysne er gründer og ivrig forkjempar for gjenbruk.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

– I tillegg kan det vere teknisk vanskeleg å reparere eller sy om turtøy sjølv. Det kan vere vasstette sømmer og tekniske detaljar. Så her er det supert å levere kleda til nokon som kan det, seier Lysne, som blant anna jobbar med å læra folk å sy gjennom sosiale medium.

På syverkstaden til Stavanger DNT er det storinnrykk før årets påskeferie. DNT håpar færre kjøper nytt før ferien og heller betaler for ein reparasjon.

– Me må redusere fotavtrykket frå friluftslivet. Ikkje nødvendigvis kjøpe nytt, men heller reparere slik at kleda får lenger levetid, seier Kaja Storaker.

Flere nyheter fra Rogaland