Hopp til innhold

Då Anne Karine døydde, stilte heile bygda opp for kreftsaka

Anne Karine Skare fekk ein diagnose utan sjanse til å overleve. No tek heile lokalsamfunnet i Noregs minste kommune eit krafttak mot kreft.

Utsira

Bilete og lys til minne for Anne Karine Skare som døydde av kreft.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Folk på Utsira har vore heilt fantastiske – heilt frå me fekk beskjeden og fram til no, seier Frode Skare (47).

Det kona hans først trudde var ein leverbetennelse, viste seg å vere alvorleg kreft med spreiing til lungene og levra. «Du kan ikkje bli frisk», var beskjeden.

– Å få dødsdommen var heilt forferdeleg. Me braut totalt saman – det er jo den verste beskjeden du nokon gong kan få, seier familiefaren.

Frode Skare

Frode Skare (47) er rørt over måten sambygdingane har stilt opp på etter at han mista kona til kreft.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Men medan det sto på som verst, stilte heile det vesle øysamfunnet Utsira i Rogaland opp. Då båten med kista til Anne Karine la til kai, var brygga full av folk som ville støtte familien og kvarandre.

– Den varmen «sirabuen» viste, var rørande og god, sjølv i ein forferdeleg vond situasjon, seier Frode.

Anne Karine døydde av kreften tre dagar før jul i fjor. No har bygda Utsira sett i gang ei stor innsamling for at færre skal måtte oppleve det same tapet.

Utsira

Her er kista med Anne Karine Skare på plass på Utsira.

Foto: Christine Skare

– Eit eksempel å følge

Historia om Utsira og familien Skare er så spesiell at Kreftforeininga ville sjå omsorga med eigne auge.

– Eg håpar andre kan lære av det me ser her. Dette er ganske unikt, seier generalsekretær Anne Lise Ryel.

Leiaren i Kreftforeininga vil vise openheita til familien Skare fram til heile landet. Ho håpar fleire vil følgje deira eksempel.

– Det er ofte vanskeleg å vite kva ein skal seie når nokon opplever alvorleg kreft. Men når dei næraste byr på seg sjølv, og det som gjer vondt, opnar dei nokre dører som gjer at andre tør og vil stille opp, seier Ryel.

Utsira

Øysamfunnet Utsira stilte opp då dei mista ein sambygding til kreft. Då båten med kista til Anne Karine la til kai, var brygga full av folk som ville støtte familien og kvarandre.

Foto: Christine Skare

Støtte til dårlege prognosar

Kvart år arrangerer Kreftforeininga ei stor nasjonal innsamling, Krafttak mot kreft. I år går pengane til å forske på diagnosar kor prognosane for overleving er dårlege.

– Eg håpar pengane blir brukt slik at fleire kan bli friske av slike typar kreft, seier Frode Skare.

Kreftforeningen hos Christina Skare

Generalsekretær i Kreftforeininga på besøk hos Christina Skare. Ho er eldstedotter til Anne Karine Skare som døydde av kreft.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Utsira kommune, som er Noregs minste målt i folketal med sine 196 sjeler, er kjende for å stille opp.

Her arrangerer dei skuleløp og kafé, og har plassert bøsser rundt i bygda. Til saman ventar dei å samle inn om lag 60.000 kroner.

Ordføraren er stolt, men ikkje overraska, over innsatsen.

– Me er ein storfamilie her ute, så det er klart historia til familien Skare har gjort kreftsaka ekstra nær. På Utsira er det lett å få folk med – dei er vane med å ta i eit tak når det gjeld, seier Marte Eide Klovning.

Flere nyheter fra Rogaland