For første gong på ti år blir eit cruiseskip registrert i Norsk internasjonalt skipsregister (NIS).
Det skjer når cruiseskipet «Viking Star», med plass til 930 gjester, blir flagga direkte inn i NIS. Skipet er under bygging i Italia og er planlagt levert i slutten av mars.
Håpar på signaleffekt
Innflagginga er eit resultat av eit tett samarbeid mellom sjøfartsdirektør Olav Akselsen styreformann Torstein Hagen i bergensreiarlaget Viking Cruises.
– Dette er ei veldig god nyheit for heile den norske skipsnæringa, og eg håpar dette gir ei sterk signaleffekt til andre reiarlag om å følga etter, seier Akselsen.
Sjøfarsdirektøren seier det er ein fordel for Norge å ha flest mogleg skip registrert under norsk flag.
– Det betyr at me har større sjansar for å få gjennomslag i internasjonale forhandlingar om skipsfart. Det er viktig for norsk reiarnæring at me er sterke og har store musklar når me skal ut i den internasjonale kampen om gode og fornuftige reguleringar, seier Akselsen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Tre søsterskip
Ytterlegare tre søsterskip skal bli bygde for Viking Cruises. Planen er at også desse skal registrerast i det norske skipsregisteret ved levering frå verftet.
Cruiseskipet «Viking Star» skal ha Bergen som heimstad og utgangspunkt for cruiset som har fått namnet «Viking Homelands»
Dåpen av skipet skjer i Bergen, på sjølvaste 17. mai.