NRK Meny
Normal

Store forventningar til maritim politikk

Næringa har store forventningar til regjeringa sin maritime politikk, før tre statsrådar held innlegg på Haugesundkonferansen i dag.

"NOOC Oceanic".

(illustrasjonsbilete)

Foto: Norwegian Car Carriers

Både næringsminister Monica Mæland (H), finansminister Siv Jensen (Frp) og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) skal halda innlegg på Haugesundkonferansen tysdag.

Det knyt seg særleg stor spenning til Mæland sitt innlegg om regjeringas maritime strategi.

Vil ha fleire skip heim

– For oss i næringa er det viktig å få nettoløn på NIS-skip (Norsk Internasjonalt Skipsregister, red.anm.), og endra NIS-reglane slik at norskeigde og -opererte skip i utanriksfart kan operera under NIS-flagg, seier Arne W. Aanensen, styreleiar i Haugesund reiarlagsforeining.

– Og då kan ein få fleire skip som flaggar heim?

– Me har sagt at om me får nettoløn på NIS-skip og endringar av fartsområdet, så skal me flagga inn skip. Det er ein god del reiarlag som er innstilt på det, seier Aanesen.

Nettolønsordninga er ein kompensasjon til rederi som brukar norsk mannskap på konkurranseutsett fart i norsk farvatn.

Etterlyser stortingsmelding

Det blir paneldebatt etter at statsrådane har heldt sine innlegg i formiddag. Der deltek også leiaren av Næringskomiteen på Stortinget, Geir Pollestad frå Senterpartiet. Han meiner regjeringa burde ha sørga for ei stortingsmelding om maritim strategi for å sikra ein langsiktig politikk.

– Ein bør ha ei stortingsmelding, og ikkje berre leggja fram ein strategi. Det aller viktigaste me kan gjera for den maritime næringa er å sørgja for ein stabil og føreseieleg politikk som dei kan planleggja langt fram i tid etter.

Pollestad saknar også fleire konkrete politiske verkemiddel enn til dømes formuesskatt.

– Det er særs viktig at me som land definerer nokre næringar me ønskjer å satsa på. Maritim næring er ei slik næring. Så må me utvikla ein spesifikk og målretta politikk, og ikkje gå seg vill i ønsket om å ha ein næringsnøytral politikk.

Optimisme

Næringsminister Monica Mæland vil truleg først til våren leggja fram regjeringas maritime strategi, men næringa håpar allereie i dag å få signal på kva tiltak dei kan venta seg. Arne W. Aanensen legg ikkje skjul på at han har forventningar.

– Me har store forventningar. Me konstaterer med glede at med Monica Mæland i spissen har me hatt åtte møter i fjor for å få innspel om alle ønskjer og behov som næringslivet har. Dette skal forhåpentlegvis munna ut i ei positiv innstilling om maritim strategi.